dansk flagg halv stang COLOURBOX1163399

Søstre omkom av klemskader

Obduksjonen viser at dei tre søstrene på seks, ni og 13 år som fekk høyballar over seg i Danmark, omkom av klemskader. Norsk overlege åtvarar også mot rundball.

Publisert

Det var ein eller fleire ballar som desse som ramla over dei tre søskena og påførte dei klemskader så dei døydde.

Den hjarteskjerande ulukka i Danmark torsdag 12. juli har gjort eit sterkt inntrykk. Tre søstre på seks, ni og 13 år omkom etter at dei fekk høyballar over seg i ein ridehall på familiegarden i bygda Hee nær Ringkøbing. Det var faren til jentene som varsla om ulukka.

Ni år gamle Michelle vart erklært død då ho kom til sjukehuset. 13 år gamle Julie døydde fredag. Den yngste av dei tre, Barbara på seks, døydde med familien rundt seg på søndag.

Obduksjonen av dei tre søstrene viser at dei omkom av klemskader. Det var ei stund spekulasjonar om det kunne vere oksygenmangel som førte til dei dødelege skadane, men obduksjonsrapporten seier altså klart at det var klemskadane som tok liv.

Det var store firkantbuntar, også kalla big-ball, som har ramla over jentene.

– Der var ingen andre til stades i ridehallen då ulykka skjedde, så vi har ingen vitne som kan fortelje oss eksakt kva som har skjedd, seier politiet i Ringkøbing til danske aviser. – Vi veit ikkje om høyballane har ramla av seg sjølv eller om jentene har klatra i dei og dermed bidratt til at dei velta. Vi ynskjer å gjere alt vi kan for å kome nærast råd eit svar, for å kunne åtvare andre og unngå liknande ulukker i framtida, understrekar politiet. Dei har fått innspel frå bønder om at det kan oppstå varmeutvikling i høyballar, og at dette kan bidra til at ballane endrar form og at dei kan velte. Arbeidstilsynet er også kalla inn for å hjelpe med undersøkingane.

Bedre Gardsdrift har drøfta ulukka med ein norsk overlege i ortopedi, som også er djupt rysta. – Eg har sjølv sett klemskader på ein pasient som har fått ein rundball over føter og hofteparti. På sjukehuset var vi svært overraksa over kor store og alvorlege skader denne rundballen førte til, seier overlegen.

Powered by Labrador CMS