nh t5-2012 ec interior

T5 girar opp

Den får større effekt frå Tier IIIB-godkjente motorar, den velkjente 16/16-transmisjonen frå T6000/TSA og ny hytte, og skal vidareføre det beste frå T5000.

Publisert

New Holland T5 er eigentleg ikkje større enn T5000, men den ser litt vaksnare ut når den står på 38" hjul.

Den nye T5-serien kjem i tre modellar, og den vakne lesar har sett omtale av traktoren tidlegare i Bedre Gardsdrift. I skrivande stund er dei første traktorane på veg ut til norske kundar, men samstundes legg New Holland til fleire punkt på menyen.

Frå første halvår 2013 får du nemleg T5 med firetrinns hurtiggir og to hovudgir, som blir skifta med knappar. I tillegg har den synkronisert høg og låg gruppe. Toppfarten er 40 km/h ved omlag 1850 o/min.

Du kan også velje den velkjende og leveringsklare 24/24-kassen med to hurtiggir, fire hovudgir, tre grupper og knappekløtsj.

Vil du lese meir om traktoren, til dømes om hytta, om den Tier IIIB-godkjente motoren og korleis New Holland har løyst eksosrensinga her, eller om du vil sjå kor stor T5 er målt mot T5000 og T6000, har du ein ting å gjere. Det er å sjekke postkassen på den tida BG 8/12 er i vente. Der kjem nemleg ein artikkel frå vår aldeles ferske prøvekøyring og fordjupning i T5-serien.

Med den nye transmisjonen skiftar du gir med trykknappar. Også elles er interiøret i T5 fullstendig omgjort, men så er da også hytta heilt ny.

Powered by Labrador CMS