1208reggraf
1208reggraf

Sjeldant god august

August 2012 viser langt betre registreringstal enn normalt, og snart same total gjennom året som i 2011. Dei tre på toppen står støtt, mens Fendt no gjer eit byks.

Publisert

John Deere er som vanleg solid. MF går heilt greitt. New Holland presterer ørlite betre enn normalen, mens Valtra er litt svak. Kan hende heng det saman med effektar av ombygging av fabrikken. Rekkefølgja mellom desse fire er som vanleg uendra. Samla har dei kring 72 prosent av marknaden, eit tal som held seg forunderleg stabilt gjennom heile året.

Som tidlegare månader kan vi nemne at hjorten stadig ligg mykje bak nivået frå i fjor. Ventar dei på nye 6R, tru? Massey Ferguson har nylanserte modellar på vegen, og har tatt meir kake enn felleskjøpa har mista.

Fendt i farten

Mellom dei mindre av dei viktige merka er det Fendt som peikar seg ut. 22 nyregistreringar i august er unormalt bra, og med det passerer den raud-felga tyskaren sin lysegrøne sølvfelg-konkurrent. Frå å ligge svakare enn fjoråret, er med eitt Fendt framom fjorårstala.

Det gjeld også CaseIH på plassen framom, mens Deutz-Fahr og Claas ikkje har henta inn det tapte. August vart beint ut svak for Deutz-Fahr.

McCormick vs. JCB

Frå Lena og kompanjongen Aase har det gått ut like mange McCormick som JCB i august. Vi berre nemner det. Kubota har null i august, og elles er det ikkje dei heilt store tinga å peike på.

Totalt sett

Då juni var omme, var dei samla registreringstala 141 dårlegare enn på same tid i 2011. Etter årets juli var ein tredel av avstanden henta inn. I august skjedde det same. Held denne kursen fram, vil ikkje berre 2012 bli jamgodt med 2011, men betre.

Spådomane slår til?

Ein ganske sein kveldstime for nokre år sidan fekk Bedre Gardsdrifts mann ein ide om å lage ein matematisk funksjon av registreringsstatistikken (joda, det finst til og med folk som har slikt å gjere, i staden for å gjere det dei skulle gjort – nok om det!) Til vår eiga store glede ser 2012 ut til å gå i den retninga vi kalkulerte den gongen, basert på syklusane i registreringstala våre frå 70-talet til i dag. Så altså, om våre gamle prognosar slår til, og det er det slett ikkje alltid at dei gjer, vil 2012 bli eit par hundre traktorar betre enn 2011. Dei siste månadane kan tyde på at pila peikar denne vegen.