agroteknikk folk

Rekord, rekord, rekord!

Aldri før har så mange besøkt Agroteknikk. Aldri før har så stort areal vore utleigd. Aldri før har dei besøkande vore så positive. Og aldri før er det inngått så mange kontrakter, skal vi tru utstillarane.

Publisert

Åge Stenumgård er, som resten av bransjen, strålande nøgd. Det gjeld også alle dei besøkande.

Den beste utstillinga eg har deltatt på – nokon gong! Det slår Åge Stenumgård fast. Han er mannen som i si tid starta Fjøssystemer, og alt vi har høyrd frå Stenumgårds kollegaer let likeins.

Stemninga er ikkje dårlegare mellom dei 28 128 besøkande. Bedre Gardsdrifts redaksjon var på messa i fire dagar til endes, og kommentarane frå alle vi har møtt peikar same vegen. Messa er svært godt gjennomført, utstillarane har verkeleg gjort seg flid, det er svært mange gode og aktuelle produkt å sjå på, og frå leverandørane er der mange gode tips og mykje god hjelp å hente.

Vi har ikkje tal på kor mange traktorar som er kontraktsfesta i løpet av messedagane. Meir oppsiktsvekkande er det at mellom fem og ti mjølkerobotar er blitt signerte, og kanskje også ein treskar eller to. Ein produktsjef på grasutstyr kunne melde om messesal for tre-fire millionar åleine.

Messegeneral Bjørn Glomsrud sa til Bedre Gardsdrift på siste messedagen at dei høge besøkstala også er eit bevis på kor viktig Agroteknikk er som sosial samlingsplass for landbruket.

Vi veit alle at landbruket tidvis er hardt pressa, både frå politikarane, vergudane og dei som skal kjøpe produkta våre. Likevel klarer vi å stable på beina ei messe av slikt format, som eit dugnadsprosjekt. På denne arenaen formidlar vi så mykje optimisme, glede og humør at Agroteknikk fungerer som ei gedigen vitamininnsprøytning med vonleg langvarig effekt.

Powered by Labrador CMS