Positivt bondeopprør i Vindafjord
Bondelaga i Vindafjord inviterer til folkemøte for å gi innsyn i situasjonen i landbruket no, og for å få innspel om framtida. Rett og slett ha eit positivt bondeopprør.
Bildetekst her...
Måndag, onsdag og torsdag, med datoane 26., 28. og 29. mars, alle dagar frå klokka 19.00, blir det folkemøte, ope for alle innbyggjarar i Vindafjord og fleire til. Måndagen i Vikedal Bygdahus, onsdag i Vindafjordhallen og torsdag i Ølen Kulturhus.
Orientering, skjemt og alvor
Harald Selsaas i Tveit Regnskap orienterer om dei faktiske forholda i dag, før Frank Robert Abelseth, prosjektleiar og omdømebyggar har ein bolk under tittelen Det går eit rykte ... om Vindafjordbonden. Både leiaren i samstyret for dei lokale bondelaga og ordføraren er på plass alle tre kveldane, og det er også nokon som bidrar med ørlite skjemt og alvor knytt til fagfeltet.
Vil ha di meining
I invitasjonen er det lista opp ymse stikkord som eit utgangspunk for debatt på folkemøta:- Kva bidreg bøndene med når det gjeld næringslivet? - Kva bidreg bøndene med når det gjeld naturen? - Kva bidreg bøndene med når det gjeld levande bygder? - Kva kjenneteiknar ein bonde i Vindafjord? - Kva seier folk om bøndene i Vindafjord i dag? - Norge er kun ein middels stor by i Europa. Ingen problem at andre kan produsera den maten me treng! - Kva betyr landbruket og bøndene for din og min kvardag?Oppmodinga, til bønder og alle andre, er kort og godt: Møt opp og ver med på ein interessant debatt! Ser du teikn til at opprøret spreier seg til andre område, sei ifrå til Bedre Gardsdrift.