agroteknikk12j1

Optimisme på Agroteknikk

Besøksrekord torsdag, fredag og laurdag. Rekordmange signerte kontrakter. Kjempegod stemning i hallane både hos dei besøkande og leverandørane. Det er mykje glede på Agroteknikk!

Publisert

Typisk utsikt på Agroteknikk.

Agroteknikk ser ut til å vere meir populær enn nokon gong. Frå alle krinkelkrokar av landet kjem folk med bil, buss, tog og fly, og aldri har noko utstilling lagt beslag på så mykje av arealet til Norges Varemesse på Lillestrøm.

Satsar på dei unge

Ein viktig del av årets satsing, er at dei unge er høgt prioritert. I hall D er heile andreetasje sett av til eit eige ungdomstorg, der utdanning, lærlingeordning og organisasjonar som NBU og IAEA er av det vi kan finne. Her er det også ymse aktivitetar og foredrag tilpassa målgruppa. Kåringa av Årets Lærling, som Bedre Gardsdrift har tatt del i, får mykje skryt.

Mykje nytt - og nyttig gammalt

I tillegg til alle dei offisielle nyheitene, er der mangt av stort og smått nytt i tillegg. Vi finn alt frå nye jordarbeidingsreiskapar, via aldeles nye traktorar, til seiping av vinterdekk og ei rist for å bli kvitt flis og rusk når du fyller storsekken med ved. Spørsmåla frå publikum viser at også halvgamle maskiner er minst like viktige som dei aller nyaste, når behovet for investeringar nærmar seg.

I Bedre Gardsdrift nr. 10, som redaksjonen arbeider med for tida, kan du lese mykje meir frå den store utstillinga på Lillestrøm.

Powered by Labrador CMS