Oppgraderer til 5600
MF 5400 blir 5600, med splitter ny hytte og ny utsleppsgodkjent tresylindra motor. Transmisjonen har fått automatikk og betjening også på lastarspaken.
Kø dagen lang for å sjekke ut nye MF 5600.
5600 får ein ny tresylindra motor med EGR avgassrensing frå Agco Power. Transmisjonen er den velkjende Dyna4, men med automatikk og redusert turtal i toppfart.
Ny og rundare hytte
Ramma til hytta er ny og meir avrunda. Interiøret er nytt her, men kjent frå 7600. Instrsumentpanelet følgjer rattstammen, og all betjening er samla til høgre. Du har valet mellom standardtak, tak med vindauge (med gitter over) eller lågprofiltak. Største dekkdimensjon bak er auka til 600/60R38.
Komplett med lastar
Traktorane kan leverast med original integrert trepunkt framme, og med fabrikkmontert Quicke-lastar i MF-fargar. Då får du lastarspak med integrerte knappar for knappekløtsj, hurtiggir og vendegir. Nye 5600-serien erstattar modellane frå 5420 til og med 5450. 5600 er leveringsklar til våren. Du kan lese meir i BG 10/12, som kjem i desember.