Mykje gamp

Den norske gjennomsnittstraktoren er 119 hk i 2011. Totalt er det nyregistrert 452 500 hestekrefter, og hestane i Akershus er klart størst.

Publisert

Målt i hestar, er 2011 eit knallgodt traktorår. Etter ein vekst i effekten som få hadde trudd på for eit tiår eller to sidan, blir det no sendt ut nær ein halv million nye trekkdyr. Talet var litt høgare i 2006 og 2007, då det vart nyregistrert omlag eit halvt tusen fleire traktorar. Deretter må vi tilbake til 1987 og åra før det. Den gongen låg nyregistreringane på det doble av no.

Fylke og merke

I snitt-effekt er den typiske norske nytraktoren i 2011 ein gjennomsnittleg Deutz-Fahr i gjennomsnittsfylket Buskerud. I den øvste tabellen finn du lista der vi ha rekna opp gjennomsnittleg motoreffekt, basert på talet som er oppgitt i vognkortet, fordelt på fylke og merke. I statistikken for merke har vi først sortert dei ti mest populære, og under streken har vi sortert alle som har nyregistrert mellom fem og 35 traktorar. Alle under streken har det til felles at dei er å rekne som nisjemerke, og difor ser vi også svært store variasjonar i gjennomsnittseffekten her.

Total-hestar

I tabellen til høgre har vi summert kor mange hestar kvart merke har fått skilp på i 2011. Ikkje uventa er John Deere på topp også her, med New Holland på andre. Her følgjer Valtra på tredje, før MF. På sjetteplass merkar vi oss Fendt, 500 hk bak CaseIH. JCB er på tiandeplass.

Talet lengst bak viser kor mange prosent merket står for av totalt nyregistrerte hk.

Tabellen viser berre merke som har nyregistrert meir enn 1000 hk totalt.