1205reggraf.jpg

MF gjer eit byks

Årets mai månad er svak, men Eik er nok glade likevel: Massey Ferguson gjer eit byks, og Eik klatrar til å vere nest største importør. John Deere er tradisjonen tru på topp.

Publisert

Etter fem månader ser vi at registreringstala ligg åtte prosent bak nivået i 2011, eit resultat som tilsvarer gjennomsnittet for mai dei fem siste åra.

I tal traktorar blir det 128 tilbake. Største tilbakegangen tar John Deere, som har fått skilt på 70 færre traktorar så langt i år, målt mot fjoråret. Like fullt er den gul-grøne suverent på topp, og hjorten åleine har æra for at felleskjøpa er største traktorimportøren i landet.

Typegodkjent til andreplass

For andre månad på rad er andreplassen raud. Massey Ferguson har ein svært god mai, noko vi har grunn til å tru skuldast at ei typegodkjennings-propp er løyst. Det har seg slik at alle nye traktormodellar må ha norske typegodkjenningspapir i orden før dei får skilt på seg, og ventetid i typegodkjennings-køen er noko alle merke strir med når dei får nye modellar. Difor går det litt i rykk og napp for alle merke frå tid til anna.

Pluss og pluss

Vi merkar oss elles at Massey Ferguson er eitt av få merke med framgang både i marknadsandel og i tal selde traktorar frå i fjor: MF er på pluss ni, Deutz-Fahr har pluss sju, og Kubota har pluss 10. Mellom dei andre større merka er der minus over heile linja.Bronseplassen går til New Holland, som også held godt stand. Mai er første månaden med ein bitteliten minus på tal traktorar til no i år, mens marknadsandelen er stigande. Valtra og Case IH går begge litt tilbake. Deutz-Fahr, Fendt og Claas utgjer eit grønt mellomsjikt mellom dei store og dei mindre. Ut over at DF som alt nemnt held stø kurs oppover, mens dei to andre slakkar litt av, er det lite dramatikk akkurat her.

Kven blir nummer ti?

Zetor har derimot eit ganske stor tilbakegang: Frå 59 traktorar til denne tid i fjor til 34 hittil i år er nesten like voldsomt som den stadig strevande McCormick. Denne raude italienaren er omlag halvert nok ein gong, og endar med eit nødskrik på 10.-plass med 17 traktorar. Det er berre ein meir enn Kubota og JCB. Tør vi spå at den oransje og den gule blir større enn dei raude dette året? Det kan også nemnast at McCormick er mindre enn dobbelt så stor som søstermerket Landini.

Powered by Labrador CMS