1209reggraf
1209reggraf

Hjortespranget

Hos FK har pipenøklane gått varme i september, så mange skilt dei har hatt å skru på. Totalmarknaden til no i år er i praksis lik fjoråret, etter nok ein svært sterk månad.

Publisert

I 2006 hadde vi ein sterkare september, men så er da også 2006 det beste traktoråret på lange tider. Når historia for 2012 skal skrivast, høyrer det med at heile tredje kvartal er betre enn gjennomsnittet for perioden 2006-2012. Prøver du å spå om utfallet av året, skal du også ta med at fjerde kvartal er tida då det skjer mest på traktormarknaden. Mens det i årets tredje kvartal er registrert 801 nye traktorar, vart det i fjerde kvartal i fjor registert opp mot 50 prosent fleire.

Tar att det tapte

Ein stor del av æra for årets super-september fell på John Deere, som tydeleg har fått heim ein stor stabel etterlengta traktorar. 98 stykk, for å vere presis. Det er eit høgt tal til å vere eitt merke på ein månad. Har du følgt med på statistikken tidlegare i år, veit du at John Deere har ligge til dels mykje bak skjemaet frå fjoråret. No er tyngda av det etterslepet henta inn.

Pilene opp for MF

Mens JD først no har fått opp farten, har Massey Ferguson gitt full gass lenge. Pluss over hundre traktorar frå 2011 er sterke tal. Så er da også MF merket med klart største endringa i marknadsandel, uansett forteikn. MF tar sølv i år, viss ikkje ting snur veldig mykje på slutten. Mykje av grunnen ligg nok i at den oppgraderte 5400-serien ligg i fint trav, samstundes som nylanseringane i 7600-serien er vel mottekne, og fabrikken har traktorar å dele ut. At september vart ein noko svakare MF-månad enn normalt ser ut til å tolast.

Stødig NH, svak finne

New Holland på tredje følgjer skjemaet frå i fjor ganske så presist i tal traktorar, og også marknadsandel, etter ein god månad. Stort meir er det ikkje å seie om den saka. A-K har dessutan også tima overgangen frå den viktige T5000-serien til nye T5 såpass at det ikkje oppstår noko vakuum, tyder meldingane på.

Med Valtra er det annleis. Der har det vore arbeid på produksjonsfasilitetane på fabrikken, noko som har ført til opphald i leveransane. I kva grad det har verka inn på salet skal ikkje vi tippe noko om, men vi ser tydeleg at Valtra strevar med å hevde seg på statistikken over traktorar med påskrudde skilt. 12 prosent marknadsandel er godt under normalen.

Dei raud-grøne

Historia om CaseIH skal vi gjere kort. Utviklinga der er ein blå - nei, raudkopi - av New Holland.

Dei tre grøne deretter er i sum ganske stabile, med den merknaden at Fendt går godt fram (+15 traktorar), Deutz-Fahr held seg roleg, mens Claas går like mykje tilbake som Fendt går fram. Dette underbyggjer trendane frå hovudmerka til Eikmaskin og Lantmännen maskin.

Resten

Zetor får svi for økonomiutgåvene til dei store merka, ser det ut til. 60 registrerte til no i år mot 100 så langt i fjor - det blir attpå alt enkel prosentrekning av slike tal. No som hjorten har tatt seg inn att, betyr det at Zetor nest etter Valtra er merket med største tilbakegangen i tal traktorar. Skilnaden er at fallet er langt verre for tsjekkaren, der utgangspunktet er mykje lågare.

McCormick kan derimot puste meir letta ut. Der i garden er situasjonen omlag som i fjor på denne tida. JCB kan notere seg for pluss fem traktorar, mens Kubota har minus fem.