1210reggraf
1210reggraf

Fremad marsj!

Oktober er fjerde månaden på rad som ligg godt over snittet for siste fem åra. Fordelinga mellom merka er akkurat slik vi har sett det i det siste.

Publisert


John Deere ligg atter bak skjema frå fjoråret, trass i at oktober er ganske nært snittet gjennom året. Grunnen er at oktober i fjor var uvanleg bra for felleskjøpa. Årets rakett er MF. Agcos volumkonge held ikkje heilt oppe trykket i oktober, men er stadig i særklasse merket med størst framgang frå i fjor.

New Holland har nest flest registreringar i oktober, og kjem med det såpass framom statusen frå i fjor at det er verd å bite seg merke i.

Valtra har eit etterslep å hente inn, og ser ut til å ha starta den jobben. Førre månad var dei 54 traktorar bak fjoråret, sist månad er dette redusert til minus 22.

CaseIH er fem traktorar framom fjoråret.

Fendt går i pluss, opp 18 frå i fjor og med det eit av fire merke på topp ti med pluss i boka.

Deutz-Fahr held sjuandeplassen, men er tilbake ti traktorar, og klarer ikkje å vende tilbake til den positive tendensen frå første halvår. Ingen dramatikk, likevel.

Claas går dobbelt så mykje tilbake frå i fjor: Minus 20 så langt i år. Den lysegrøne franske har hatt minus heile året, og aldri klart å ta att dei framom.

Zetor går tungt, og er etter John Deere merket med størst tilbakegang i tal traktorar. I høve til utgangspunktet er situasjonen enda verre. Meir enn kvar tredje kunde er borte, målt mot 2011.

McCormick går i null frå i fjor til i år. For Lena sin del er det nok triveleg å sjå at den nye hesten i stallen sparkar godt ifrå, og at dei klarer å overgå JCBs tidlegare nivå på nyregistreringar.

Lengre nede noterer vi oss at Holder slår til med tre traktorar, og dermed er spesialtraktoren sikra plass på lista også i år.

Mens det meste ser ut til å vere brukbart avklara mellom merka, har vi eit skikkeleg bikkjeslagsmål i vente mellom importørane. Felleskjøpa er nok ikkje trua på førsteplassen, men på andreplassen skil det tre traktorar mellom A-K og Eikmaskin. Begge har 22,0 prosent i marknadsandel, og begge vil nok like å vise eigarane sine ein blank og fin sølvmedalje.

Totalmarknaden er to prosent svakare enn på same tid i 2011. Det høyrer med til historia at vi då hadde ein unormalt sterk oktober. Difor har vi stadig trua på at 2012 blir betre enn fjoråret, når den endelege historia skal skrivast.

Totalmarknaden månad for månad i 2012 mot tidlegare år, og gjennomsnittet for siste fem åra. (c) Bedre Gardsdrift