Traktor i trafikk

Førarkort-foredrag på Agroteknikk

Kva lapp må du ha for å køyre kva maskin? Fredag og søndag på Agroteknikk får du svar, og du kan stille spørsmål. Då held Bedre Gardsdrift foredrag på ungdomstorget.

Publisert

Dette skjer fredag og søndag, begge dagane frå 12.00 til 12.15.Staden er hall D, opp trappa. Der er ungdomstorget, og der skal Bedre Gardsdrifts nest yngste redaksjonsmedlem ta mikrofonen.

Temaet er kort og godt førarkortreglar, særleg med vekt på det som gjeld yngre traktorførarar. For alle med førarkort frå før 1. januar 2005 er det ikkje så vanskeleg, men for alle som er for unge til at dei rakk lappen før den datoen, er der meir å halde styr på. Vi veit av erfaring at her er svært mange lause trådar. Dei skal vi hjelpe deg å samle.

Bedre Gardsdrift har i svært mange år arbeidd aktivt med regelverket for traktorar og landbruksmaskiner i trafikken, og vi er ublyge nok til å meine at få andre veit meir enn oss om emnet. Vi kan også love ny informasjon som ikkje har vore særleg godt kjent frå før, og vi har med oss heilt ferske tolkingar av regelverket frå dei som forvaltar det. Du må ikkje vere redd for å spørje under foredraget, ta kontakt med oss etterpå, eller oppsøke oss på standen vår i hall D om du har spørsmål om dette eller om andre emne. Vi er på messa alle dagar.

Sjølv om vi veldig gjerne vil treffe deg på Agroteknikk, er vi svært opptekne av å ta godt vare på abonnentane våre. Difor finn du ein heilt fersk artikkel om førarkortreglar i BG 9/12, som postmenn og postdamer over heile landet andektig legg i postkassane til våre kjære abonnentar ein fin dag i november.

Powered by Labrador CMS