biobrensel.jpg

Biobrensel-bløffen

Dei store forventningane til biobrensel kan ikkje bli innfridde med dagens politikk, meiner svenske Magdalena Kuchler i si ferske doktogradsavhandling.

Publisert

Store ambisjonar, heilt urealistiske. Det er enkelt sagt Magdalena Kuchlers oppsummering av forventningane til biobrensel målt opp mot realitetane, melder Jordbruksaktuelt. Biobrensel er dei seinare åra blitt peika på som eit bidrag for å berge oss frå klimakrise og oljekrise, og som ein måte å sikre fleire av småbøndene i verda betre utkome. Problemet er at reknestykket ikkje går opp. I alle fall ikkje så lenge den gjeldande politikken står ved lag.

Økonomiske krav i vegen for fine mål

Opplegget no er at produksjonen skal skje så rimeleg som råd.

- Produksjonen av biobrensel må tilpassast ein marknadsøkonomi som er fiksert på økonomisk vekst og kapitalakkumulasjon, skriv ho i ei pressemelding. - Resultatet vert store monokulturar med mekanisert produksjon. Endra utnytting av jordressursane fører til auka utslepp av drivhusgassar, som et opp dei reduksjonane i utslepp som biobrenselet skulle gje. Ein høgt mekanisert produksjon skaper eit auka behov for fosile brensell, i staden for tvert imot. Småbøndene har heller ingenting å vinne, i og med at det må til ein storskala-modell med sentraliserrt produksjon for å kunne halde prisane nede, meiner Magdalena Kuchler. Doktoravhandlinga har fått namnet Fields of Gold. The Bioenergy Debate in International Organizations.

Organisasjonane seier imot seg sjølve

Magdalena Kuchler har tatt utgangspunkt i korleis tre viktige internasjonale organsiasjonar har resonert og handla i åra 1990 til 2010. Dei tre organisasjonane er FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO), det internasjonale klimapanelet IPCC og det internasjonale energiorganet IEA. Dei tre har det til felles at dei seier imot seg sjølve og kjem opp i dilemma som dei ikkje klarer å løyse, konstaterer Kuchler.

Powered by Labrador CMS