altinn

Altinn i evig motvind

Altinn slit, mens vi ynskjer oss eit Altinn som er brukarvenleg, trygt og effektivt. Det vil både vi og staten tene på. Vegen dit er lang.

Publisert

Dårlege løysingar er ikkje framtida.

Det totale samanbrotet vi ser no er verre enn venta. Så sant du ikkje har sovehjarte på Tornerose-nivå, er diverre rekkja av Altinn-problem gammalt nytt.

Etter vår meining er Altinn hasteinnført etter prinsippet over stokk og stein, og det er ingen god metode for noko som skal handtere så viktig informasjon. Helst vil styresmaktene tvinge oss til å bruke det til alt som tenkjast kan. Vi er spente på om denne vil-du-ikkje-så-skal-du-haldninga står ved lag etter kaoset som føregår seg nett no.

Vi ynskjer eit godt Altinn

Eigentleg er det synd at det skal vere slik, for eit velfungerande, trygt og ikkje minst brukarvenleg digitalt rapporterinssystem ville forenkla kvardagen vår mykje, og spart både oss og det offentlege for mykje arbeid og store pengar. Eit slikt system hadde vi dessutan gladeleg brukt av eigen frie vilje. Å ha eit lite brukarvenleg, ustabilt system er verre enn inkje.

Sagt før

Eigentleg treng vi ikkje seie meir enn at du finn ein BG-artikkel frå 2008, som oppsummerer det meste, om du klikkar deg vidare hit.

"
Powered by Labrador CMS