regstat-11fs.jpg

Alt om Traktoråret 2011

Målt i hk er 2011 eit særs godt år. Gjennomsnittstraktoren er no 119 hk, og størst er den i Akershus. Fendt har størst snitteffekt mellom dei ti mest populære merka. Her er også lange lister over modellar og seriar.

Publisert

Mykje i bladet, og suplerande info her på nett, det blir komplett.

I Bedre Gardsdrift nr. 1 2012 får du ei grundig analyse av traktoråret 2011. Totalmarknad, dei mest populære modellane og seriane, fordeling på effektklassar og styrkeforholdet mellom fylke og merke er nokre stikkord. I tillegg er der ein solid omtale av bruktimporten. Omlag alle oppsett viser også utviklinga frå i fjor til i år, og der ser vi klart at det er framgang på omlag alle område. Om du ikkje er abonnent, kan du laste ned bladet her. Vil du sikre deg å få statistikken beint i postkassen til seinare, kan du teikne abonnement her.

Meir her!

" Lurer du på meir enn det du finn i bladet, finn du det mest truleg her. Bedre Gardsdrift sit på eit svært omfattande kjeldemateriale, og det kan du få glede av.- Nyregistrerte traktorar i 2011 sortert etter enkeltmodellar" - Nyregistrerte traktorar i 2011 sortert etter serie- Effektfordeling mellom merke og fylke, og sortert etter totaleffekt

Siter oss gjerne!

" Tabellane ligg som bildefiler, av to enkle grunnar. Det eine er at dei er lettare å lese for deg og lettare å publisere for oss, enn om vi legg ut tala som nettbasert tabell. Det andre er at dette er tal som ikkje skal vere fritt tilgjengelege for alle å bruke vidare. Vår kjelde er Opplysningsrådet for vegtrafikken, som lever av å selje slike grunnlagsdata. Talmaterialet er deretter grundig bearbeidd av Bedre Gardsdrift, og tabellane blir å rekne som beskytta av lovverket om opphavsrett. I alle høve er det fritt fram for å referere til tabellane våre, lenke til nettsidene våre, og bruke oss som kjelde med kjeldetilvising.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS