new holland t7070 blue power b.jpg

Basildon-produksjonen opp 20 prosent

Financial Times melder at CNHs fabrikk i Basildon siste året har auka produksjonen med 20 prosent. Dette er fabrikken som mellom anna byggjer New Holland T6000, T6 og T7-seriar.

Publisert

Populære T6040 er av modellane som blir produserte i Basildon.

90 prosent av traktorane går til eksport. Totalt vart det produsert 21 000 traktorar i Basildon i 2011. I år er det forventa ein produksjon på 25 000 traktorar.Analytikar Chris Barrow-Williams seier til Financial Times at Basildon har treft det godt med tid og produkt. Nett no er det traktorar i denne storleiken som er etterspurde, og traktorane som kjem av samlebandet ser ut til å ha dei eigenskapane kundane ynskjer.Andrew Watson, sjef for CNHs aktivitetar i Storbritannia, seier til avisa at suksessen er eit resultat av eit langsiktig arbeid. Dei siste 15 åra er det investert grovt rekna ein milliard kroner i fabrikken. Kring 1000 menneske er sysselsette der. Fabrikken er rekna som den nest største i Europa etter John Deeres fabrikk i Mannheim.Det høyrer med til historia at alle år ikkje har vore like gode. Frå 2008 til 2009 fall produksjonen frå 24 000 til 15 000 traktorar. Veksten dei to siste åra har såleis vore formidabel. Basildon er den einaste attlevande store traktorfabrikken på dei britiske øyane. Sidan sist på 1990-talet er både Massey Fergusons fabrikk i Coventry og McCormick-fabrikken i Doncaster stengde, og produksjonen flytta høvesvis til Frankrike og Italia.

Powered by Labrador CMS