Ut på tur!
Kvar dag i BG-nøttene stiller vi eit tilleggspørsmål, der det verken finst rett eller feil svar, men meir for å sjekke trykket ute hos folket. Nyleg spurde vi kor folk vil reise. Svara viser at nøtteknekkarane er ei svært allsidig gruppe.
Nøtteknekkarane vil veldig gjerne på tur, og ofte langt bort. Men også heim til mor eller berre ein tur ut i fjøsen.
Lesarane av gardsdrift.no vil veldig gjerne på tur, ser det ut til. Vi fekk svært mange svar på bonusspørsmålet om kor folk har lyst å reise, så vi lar reiselysta får si eiga sak. I år er det inga reise i premiepotten, men her finn du litt om premiane våre. Lista med alle oppgåvene, dagsvinnarane og eit utval av svar på bonusspørsmåla finn du her.
USA og Island
" Nøtteknekkarane vil aller helst til USA eller Island, og desse to reisemåla utmerkar seg. Naturleg nok er det mange som gjerne vil på traktorfabrikk-tur, oftast til fabrikkane som lagar John Deere, New Holland, Massey Ferguson, Fendt, Valtra, CaseIH og Deutz-Fahr, og også Zetor og til Kubota i Japan. Og ein vil gjerne ha omvising på Belarus sine traktorfabrikkar. Mange vil rett og slett reise heim, nokre vil i skogen, på hytta, på skitur eller ein plass det er varmare enn heime. Sibir er foreslått som eit alternativ der, sjølv om dei fleste trur det er varmare litt lenger mot sør.
Frå Gjøvik til Månen
Men folket er meir allsidige enn som så i sine reisemål. Her er kortversjonen: Alaska, Amerika, Australia, Bratislava, Brno (litt inspirert av BG-nøtta den aktuelle dagen, kanskje?), Canada, Cuba, Dubai, Egypt, Estland, Fargo (North Dakota), Filippinene, Flåklypatoppen, Gjøvik, Gran Canaria, Hawaii, Heim, Helgeland, India, Iowa, Irland, Israel, Italia, Jesi, jorda rundt, Krakow, Kypros, Mannheim, Midt-Vesten, Montana, Månen, New York, New Zeeland, Nordpolen, Paris, Plzen, Praha, Serbia, Skottland, Spania, Svalbard, Sveits, Syden, Sør-Korea, Thailand, Trøndelag, Tsjekkia, Tyrkia, Tyskland, Valdres, Vietnam, Voss, Yorkshire (England) og Austerrike.
Kona må med!
Eit lite utval av dei meir utfyllande svara:Arnstein: Agritechnica Hannover 2013 Karin: Damaskus/Syria hadde vore fyrstevalget dersom det ikkje hadde vore for krigen. Kairo/Egypt ville og vore ein god stad å reise til om ting hadde vore fredelegare der. Så eg velger meg Tyrkia.Elisabeth: Dit en finner ro i sjelen..;-) Arnstein: Australia eller USA for å kjøre lastebil i lag med fruen... det er drømmen når barna blir store og står på egne bein Ole Peder: Dit peppern gror. Tror det er varmere der. Lars: Ein kunne tenke seg all verdas fine reisemål, men beste staden å vere er heime på tunet, i vedskogen og rundt om på gardane i bygda.Janne: En tur i fjøset Runar: Etter som dette er en julekalender burde svaret kanskje vært Christmas Island, men jeg har alltid ønsket meg en tur til Påskeøya. Anders: Heim te mor!! Ivar: Jeg tenker å reise dit reisen tar meg, bryte ny mark og bo i jordgamme. Svein: Der julen er avlyst. Erik: på farmer i statene hadde ikkje våre feil, toppa m enn countrykonsert i Nashville Jan Erik: til ei øde øy med min fru...... Arild: Til et fint hotell for ei langhelg sammen med kona. Jim: Til kjæresten såklart !Johannes: Østover, Ukraina, hviterussland, mao til tidligere lukkede land, mye upløyd land der