Traktor i trafikk

Den leie førarkortnøtta

BG-nøtta laurdag var av det seige slaget, om du ikkje har lese BG nr 9 2012. Mange svarte rett, men vi fekk også årets mest omfattande nøttediskusjon på debattforumet. Her er ei forklaring.

Publisert

Berre så alle er med frå starten – her er oppgåva som er kjelda til alle spekulasjonane:

Frå Uren Luren er det selt eit lass ved, ferdig levert til Kongsgarden. Veden skal leverast med traktor og hengar. Når veden skal leverast kan det girast opp og ned mellom ein og to og tre, men fjerdegir trengst ikkje i særleg grad, for sjølv om traktoren går i 50, blir ikkje farten på ferda høgare enn 40, fordi hengaren ikkje er godkjent for høgare fart. Nok om det. Onkel Oswald har vogntoglappen og yrkessjåførkompetanse. Han tok forresten klasse B som sitt første førarkort i 2006. Tante Rundtomkring har førarkort klasse B, og det tok ho i 1957. Pål S. Høner tok traktorlappen i 2008.Anne Knutsdotter har bokstavane BECET på førarkortet, og ho fekk førarkort første gong i 2007.

Kven kan levere veden lovleg til Kongsgarden?

A) Kven som helst av desse fire B) Pål (traktorlappen), Anne og Oswald (begge har vogntoglappen)C) Berre Onkel Oswald og Tante Rundtomkring har lov.

Rett svar er alternativ CKvifor det? Hald tunga beint i munnen no, så tar vi det punkt for punkt.

Farten på traktorenOm vi ikkje skreiv det i klartekst, her snakkar vi om ein traktor med konstruktiv hastigheit 50 km/h, altså ein traktor som er registrert med toppfart over den magiske grensa på 40 km/h. Det er kva hastigheit traktoren er registrert for som avgjer kva førarkort du treng, og ikkje kor fort du køyrer. Altså må du ha førarrett for traktor med hastigheit over 40 km/h for å køyre denne.

Tilhengaren Mangt slags reiskap har lågare konstruktiv hastigheit enn kva trekkvogna har. Der finst til dømes slepeharver som ikkje er godkjent for meir enn 25 km/h, og då skal du ikkje køyre fortare enn det om du skal køyre lovleg, men du kan trekke dei med ein Fastrac om du så vil. Som det også er poengtert på debattforumet: Med tilhengar til bil kan du ikkje køyre fortare enn 80 km/h lovleg, sjølv om bilen lovleg kan køyre 100 km/h på vegar som tillet det. I oppgåva vår har vi dermed ein 50 km/h traktor, som utløyser sine krav til førarkort, og ein hengar som avgrensar farten til 40 km/h.

VedenI denne oppgåva er det også vesentleg kva som er på lasset. Oppgåveteksten fortel at det er ei salsvare, altså ikkje eit produkt til eige bruk, og det at vara blir levert er ein del av handelen. Altså må noko av betalinga for veden reknast som godtgjersle for transporten. Det spelar ingen rolle om og korleis dette eventuelt er spesifisert på fakturaen.

Yrkessjåførkompetanse I 2009 vart det innført ein regel i det stille, i alle fall om vi snakkar om landbruket (neida, landbruket var ikkje på høyringslista i denne saka heller). Den seier kort fortalt at dersom det vert betalt godtgjersle for transporten, må alle som treng mellom anna klasse CE for å føre køyretyet, ha såkalla yrkessjåførkompetanse. Dette kravet gjeld i denne saka. Vil du lese meir om kravet til yrkessjåførkompetanse, blar du opp i BG 9/12.

Førarkortreglane før og etter 01.01.2005 Frå nemnde dato vart førarkortreglane endra. Alle med førarkort frå før den dagen kan køyre traktor utan grenser for fart og vekt på klassane T og B.Alle med førarkort etter den datoen har dette å halde seg til (berre dei viktigaste klassane er nemnde): - Klasse T gir førarrett for traktor med konstruktiv hastigheit inntil 40 km/h, og to første åra eller inntil fylte 21 år kan ikkje samla tillatt totalvekt for traktor og hengar eller tilsvarande vere over 25 tonn.- Klasse B gir ikkje rett til å køyre traktor.- Klasse BE gir rett til å køyre traktor med hengar, med vektgrense og fartsgrense som for ein 16-åring med klasse T. - Klasse CE gir grovt sagt rett til å køyre alt hjulgåande med eller utan hengar, utan farts- eller vektgrenser, inklusive traktor med hengar.

Onkel Oswald Onkel Oswald tok sitt første førarkort etter 01.01.05. Med vogntoglappen og yrkessjåførkompetanse kan han likevel køyre vedlasset.

Tante Rundtomkring Med førarkort tatt før 01.01.05 kan Tante Rundtomkring køyre alt av traktor utan vekt- eller fartsgrenser på sin klasse B, og dermed treng ho heller ikkje yrkessjåførkompetanse. Ho kan køyre veden.

Pål S. Høner Med berre traktorlappen tatt etter 01.01.05 kan Pål berre køyre traktor konstruert for inntil 40 km/h. Sjølv om denne traktoren ikkje har lov å køyre fortare pga. hengaren, er det kva traktoren er konstruert for som avgjer førarkortkravet. Difor kan ikkje Pål køyre. Klasse T utløyser forresten ikkje behov for yrkessjåførkompetanse.

Anne Knutsdotter Anne har alt ho treng av førarkortklassar, men kan ikkje køyre noko der det blir- eller ville vore naturleg å rekne godtgjersle for transporten utan yrkessjåførkompetanse, dersom traktoren er registrert for over 40 km/h. Køyrer ho ein traktor som er registrert for 40 km/h, går den på hennar klasse T. Då har ho ikkje behov for yrkessjåførkompetanse.

Konklusjon Om traktoren hadde vore registrert for 40 km/h, ville leveransen tatt akkurat like lang tid, og alle kunne køyrd.I og med at traktoren er registrert for 50 km/h, er det svar C som er korrekt. Dette er såpass komplekst at vi ikkje tør vedde gard og grunn, og vi er glade om der er diskusjon om emnet. I alle høve baserer teksten seg på den tolkinga av regelverket som Bedre Gardsdrift er gitt av Statens Vegvesens ekspert på området, basert på våre spørsmål.

Powered by Labrador CMS