Joskin Penditwist_1

Markdag med møkk

Har du sjansen, ta turen til Nesset i Møre og Romsdal 22. august. Der er ein stor markdag om husdyrgjødsel og spreieteknikk, inklusive nye - bokstaveleg talt - tankar.

Publisert

Eit av dei interessante konsepta som blir vist, er utkøyring frå lagertank til mobil storkontainer (over 100 kubikkmeter) med 30-kubikks tankbil, og vidare utkøyring med 12 kubikkmeter stor vogn med tvillinghjul og stripespreiar.Moi stiller med tankvogn med løft på boggien, der eit hjulpar er tilpassa asfaltkøyring og det andre hjulparet er for eng.Agromiljø er på plass med sin slangespreiar, det blir demonstrert grunn nedmolding, og der finst også ligg av kvart elles. Det einaste du treng å gjere, er å planlegge ei reiserute som endar i Eidsvågen i Nesset. Datoen er 22. august, og tida er frå 11.00 til 15.00. Den erfarne landbruksrådgivaren Sverre Heggset trekkjer i trådane, og vil dele ut passelege porsjonar av sin rikhaldige kunnskap. Om også magen treng føde, er der opplegg for det og.

Powered by Labrador CMS