1207reggraf

Heit sommar

Trafikkstasjonane jobba hardt med å få skilt på nye traktorar i juli. Sommarmånaden er langt betre enn normalt, og på denne eine månaden er etterslepet mot i fjor halvvegs tatt inn.

Publisert

Det er Massey Ferguson og New Holland som drar lasset når resten av landet er på fellesferie. Mens den blå ligg omlag likt med i fjor, og i juli månad klarer nesten kvar femte nyregistrerte, slår MF til med stor vekst både i marknadsandel og tal traktorar, og nær 22 prosent av marknaden i juli.

Eike-året

Dagen før julistatistikken kom, kommenterte vi i BG-redaksjonen at det ser ut til at den for tida mest stillfarande av dei store importørane jobbar best, etter registreringstala å døme. Sjølv om Fendt går ti traktorar tilbake, har Eik styrka seg solid i høve til fjoråret. Som importør ligg Eikmaskin no berre to prosentpoeng bak felleskjøpa. Nye to prosentpoeng bak Eik følgjer A-K maskiner.

FK kjenner pusten i nakken

No skal vi ikkje gløyme at hjorten stadig er størst. Sjølv om juli ikkje vart nokon toppmånad, er John Deere suverent i tet året under eitt, med kvar fjerde nyregistrerte. I fjor på denne tida var derimot marknadsandelen 2,4 prosentpoeng høgare, og der var skrudd på 74 fleire nye skilt på Deere-grøne bakskjermar enn så langt i år.

Lantmännen har også motvind

Eit anna merke med i overkant saftig minus i margen heiter Valtra. Fjerdeplassen verkar rimeleg sikker, for det skal god spurt til for å klare å nå att dei tre på pallen. Samstundes er Valtra dobbelt så stor som CaseIH på femte. Heller ikkje Lantmännen maskins andre merke, den lysegrøne franske, seglar i medvind. Då august kom i fjor, runda Claas 100 traktorar. No er den på 80.

Zetor i nedoverbakke

Det siste merket vi nemner av dei som strevar, er Zetor. Tsjekkaren er på tredjeplass på ei lite koseleg liste: John Deere, Valtra og Zetor er merka som har tapt flest traktorar frå i fjor til i år. Gjer vi om denne statistikken til prosent, kjem Zetor på topp. Ingen andre merke har hatt ein høvesvis større tilbakegang.

Pluss, pluss og pluss

La oss ta nokre lyspunkt. McCormick-folket er ikkje vant med positiv omtale i reg-staten, men her kjem den. Juli vart ein god månad, som henta inn mykje av det tapte frå i fjor. MF, den store vinnaren på andreplass, har vi alt nemnt. Kubota fekk ingen nyregistrerte i juli, men har likevel hatt god framgang frå 2011. Så skal vi heller ikkje gløyme at merke som Deutz-Fahr, CaseIH og JCB går i pluss. Og Landini, som faktisk har registrert 50 prosent fleire traktorar så langt i år, målt mot same tid i fjor.

Asia-turistane

Det er registrert 21 nye kinesiske og koreanske traktorar. I denne kategorien er det grunn til å tru at der går fleire uregistrerte enn registrerte, så ting tyder på at rimelege, små asia-traktorar er i siget.

Bra greier totalt sett

Totalmarknaden er ganske grei. Mens vi både i mai og juni låg sju-åtte prosent bak nivået for fjoråret, er no avstanden nede i fire prosent. Siste 12 månader er det registrert 3726 traktorar, og det tilsvarer eit temmeleg godt år. Med andre ord: Traktormarknaden er betre enn vêret i tunge landbruksområde dette året.

Bildetekst her...

Powered by Labrador CMS