1203reggraf.jpg

Tredelinga

Traktorkaka i mars kan vi grovt dele i tre nesten like deler: John Deere, New Holland + MF + Valtra, og resten. Men mars er ikkje det det ein gong var, målt mot i fjor.

Publisert

(c) Bedre Gardsdrift 2012

Berre for å rette opp litt, i fall du tykkjer ingressen er for tabloid: John Deere åleine ligg på vel 30 prosent i mars. Dei tre andre store er i sum nærare 40 prosent, mens resten er så vidt over 30. For mars, altså. I første kvartal er Deeren like under 30 prosent. New Holland på andre og Valtra på tredje følgjer tett i tett på cirka halvparten. Massey Ferguson kjem rett bak med 13 prosent.

Dei store dominerer

Dominansen frå dei store gjer seg også gjeldande når vi ser heile første kvartal under eitt. Fire merke tar 72 prosent av marknaden. Dei fire store importørane har 87 prosent. HCP tar 7,5 prosent, og då står vi att med ein smule-andel på vel 5,5 prosent til Lena, Aase, Svenningsens og alle dei andre. Av dei fire store importørane er Felleskjøpa klart i tet. A-K maskiner har etablert seg som ein klar nummer to, etter første kvartal med 22,2 prosent på resultatblokka. Mellom Lantmännen på tredje og Eik på fjerde er det fattige 1,4 prosentpoeng i skilnad, med høvesvis 18,3 og 16,9.

Mykje tilbake...

Målt mot 2011 ser tala noko svake ut, men ser vi fleire år bakover, er 2012 ganske akseptabelt. Totalmarknaden til no er tilbake 81 traktorar. Størst ansvar må MF ta, som har fått skilt på 36 færre hittil i år enn på same tid i fjor. Zetor, Fendt, John Deere, Valtra og CaseIH er tilbake med mellom 21 og 12 traktorar. Av desse er det einast John Deere som ikkje går tilbake meir enn totalmarknaden, mens Zetor er halvert.

... og mykje fram

Deutz-Fahr gjer eit veldig byks i mars, med 22 nyregistreringar. Det er like mange som i heile første kvartal 2011, og sikrar pluss 15 frå 2011 til 2012. New Holland er einaste andre vesentlege merke med pluss i boka, fram 12 frå i fjor til i år.

Dei små

Totalt 23 merke har fått skilt på seg i årets tre første månader. Fire merke som var med i gjengen på denne tida i fjor, er ute no.Størst av dei små er McCormick, som har nådd botnen. Fallet vi har sett siste åra har stoppa opp, rett og slett fordi traktoren no står med alle fire hjula på grunnfjellet av kundemassen. Så langt i år har McCormick registrert ni traktorar. Det er ein meir enn Kubota, og tre fleire enn Lena-kollega JCB.

Blå stiplete linje viser gjennomsnitt siste fem år. Grøn linje viser at vi ligg ganske greit an, men ikkje heilt på fjorårsnivå.

Powered by Labrador CMS