vektkalk-ill m lass q

Påsketips: Vektkalkulator

Bedre Gardsdrift brukar påska til å gi deg tips om nyttige dokument frå vårt rike arkiv. I dag: Vektkalkulator for traktor med hengar.

Publisert

Å laste ein traktor korrekt er slett ikkje lett. Går traktoren over 30 km/h, må du følgje same vektreglane som lastebil. Diskusjonen om kor fornuftig det er, kan vi spare oss i denne runden.

Ubrukbar føraropplæring

Skal du ta traktorlappen, står denne teksten i læreboka:Det er straffbart å overlaste traktoren eller tilhengeren. Reaksjonen kan være bot og inndragning av førerkort. Hvis du kjører på veg med kjøretøy som har tillatt totalvekt over 3500 kg og det er overlast, kan også eieren av kjøretøyet bli ilagt overlass-gebyr. Så står der litt om at du må prøve å berekne lasta best mogeleg, at du kan bruke vekttabellar for grus og sand, at du kan lese på pakkseddel eller fraktbrev for å vite kva lasset veg, og at du må sjekke vognkortet. Dett var dett. ?, seier vi.

Einaste snarveg: BGs vektkalkulator

Etter å ha spekulert grundig på korleis, skreiv vi i Bedre Gardsdrift ein firesiders artikkel med rettleiing om korleis du manuelt kan rekne deg fram til kor mykje du lovleg kan laste på tilhengaren. Dilemmaet vårt i landbruket, er at vi har ein tilhengar som gir vektoverføring, og at traktoren er ganske tung i høve til nyttelasta. Bortsett frå semitraileren, er det ingen andre hengarkombinasjonar som har problemstillinga med vektoverføring.For å gjere utrekninga enklare, har vi utvikla ein excel-basert vektkalkulator. Denne kan du laste ned frå gardsdrift.no, og den er enkel å bruke. Største jobben er å finne ei vekt, og lese av tal frå vognkortet. Desse tala skal du legge inn i kvite celler. Resten ordnar seg sjølv.Artikkelen om vektkalkulatoren, med lenke for nedlasting av excel-fila, finn du her." Andre ting som kan vere nyttige for deg finn du under Ressurser i venstremenyen. Til dømes Leiekjøringspriser, Traktoroversikten, ein oversikt over alt av landbruksutdanning, Bruktmarkedet og Dokumenter. " Vi er her for å vere til nytte for deg. God påske frå oss i Bedre Gardsdrift!

Powered by Labrador CMS