martin richenhagen 08 mf

Aksjeekspertar tilrår Agco

Pila peikar oppover for Agco. Både på sal og resultat sette selskapet nye rekordar i 2011, og analytikarane forventar nye rekordresultat i 2012.

Publisert

Denne veka omtaler både aksjesida Nasdaq og økomomipublikasjonen Forbes landbruksmaskingiganten som står bak Massey Ferguson, Fendt, Valtra og Challenger. Ein grunn til at dei som følgjer aksjemarknaden tett no legg inn gode ord for Agco, er at selskapet har posisjonert seg godt etter kvart som etterspurnaden etter korn og proteinprodukt er venta å halde fram å stige. Det er også ei forventning om at bøndene skal få betre inntekter i tida som kjem.Ein annan, svært vesentleg grunn, er at Agco kan vise til oppsiktsvekkande god inntening over tid. Kvart einaste kvartal gjennom dei siste fem åra har selskapet lagt fram betre resultat enn venta. Ein slik historikk er det svært få andre selskap på børsane som kan vise til. Enda meir imponerande blir dette sett i lys av at vi i denne perioden har hatt finanskrise, skriv Forbes. Berre som eit døme auka Agco omsetninga i 2011 med 22,2 prosent.

Powered by Labrador CMS