fjellkarstad ulukke 5.jpg

Ulukkesårsak: Hjerneslag

Mannen som vart alvorleg skadd i ei traktorulukke i Stryn, døydde onsdag. Det viser seg at mannen fekk hjerneslag under arbeidet. Mest truleg er det årsaka til at ulukka skjedde.

Publisert

Bedre Gardsdrift snakka med sonen til mannen som køyrde traktoren like etter ulukka. Han stilte seg undrande til at traktoren hadde mista grepet. Familien har brukt same type utstyr på same teigen i 30 år, og hellinga der traktoren slapp er mindre enn i eit parti han nyss hadde passert.No viser det seg at den 67 år gamle traktorføraren har hatt eit hjerneslag, og det ser ut til at dette er den utløysande grunnen til den dramatiske ulukka. På grunn av det ugreie terrenget fekk traktorføraren ei lang rekkje alvorlege skader. Etter ein krevjande bergingsaksjon vart han henta ut med Sea King redningshelikopter, og sendt til Haukeland Universitetssjukehus. Han døydde onsdag.

"

Mannen som køyrde transportaren ser ut til å ha fått eit hjerneslag under arbeidet. Han vart kritisk skadd då transportaren køyrde utfor, og han døydde onsdag.

Powered by Labrador CMS