aksan1

Traktorulukke i Jølster

Ein 72 år gammal mann vart skadd av kraftuttaksakslingen i ei traktorulukke i Jølster i Sogn og Fjordane tysdag kveld. Han ligg no til behandling på sjukehuset i Førde.

Publisert

Politi, ambulansehelikopter og sjukebil rykte ut til staden då dei fekk melding om arbeidsuhellet i 20-tida, og bergingsarbeidet gjekk greitt. Ulukka skjedde på ein gard i Ålhus-området på nordsida av Jølstravatnet.

72-åringen heldt på med arbeid knytt til gardsdrifta, men operasjonssentralen til Politiet har i skrivande stund ikkje informasjon om kva type reiskap det er snakk om. Det er elles for tidleg å seie om saka vil bli etterforska som ei arbeidsulukke, men dei vil gjere fleire undersøkingar, slik rutinen er i sånne saker. Mannen var medviten etter ulukka, og skaden er ikkje livstrugande.

Powered by Labrador CMS