Traktoroversikten 2012 på nett!
Bedre Gardsdrifts unike traktoroversikt på nett er oppdatert med tekniske data og prisar for 2012.
Klikk her for å gå direkte til traktoroversikten på nett!
"Dette gler vi oss til å dele med deg, kvart år.
Bedre Gardsdrifts digitale traktoroversikt inneheld fleire tusen modellar, med prisar og nær sagt alt av tekniske data, frå 2005 til 2012.
Nytt og brukt
Dette betyr at du kan søke opp traktorar av interesse, enten du er på jakt etter noko splitter nytt, eller du vurderer ein brukttraktor. Det du finn av data og prisar i tabellane våre, er standardspesifikasjonar og normale prisar, innmeldt av importørane. Det vi kan kalle varige kampanjeprisar er stundom oppgitt, mens kortsiktige tilbodsprisar normalt ikkje skal vere med.
Populært
Besøksstatistikken vår viser at du slett ikkje er åleine om å bruke traktoroversikten. Gjennom det meste av året står traktoroversikten høgt på lista over populære saker og tenester. Både bønder, forhandlarar og importørar plukkar fram oversikten for - rett og slett - å skaffe seg oversikt.
Du bestemmer
Ein av dei unike eigenskapane med Bedre Gardsdrifts traktoroversikt på www.gardsdrift.no, er at du kan plukke ut akkurat det du er interessert i å vite meir om. Til dømes kan du søkje opp alle 2012-modellar av utvalde merke mellom 98 og 112 hk, som kostar mindre enn ein halv million, deretter rangere dei etter vekt, og til sist samanlike dei du tykkjer ser mest interessante ut, side om side.
Nyttig info også i bladet
Datamaterialet blir til ved at alle importørar vi kjenner til blir inviterte til å delta med sine data. Alt vi mottar blir sjekka og gjennomgått av Bedre Gardsdrifts redaksjon, for å luke ut skrivefeil, rette mistydingar og sikre kvaliteten. Dette betyr ikkje at vi garanterer at oversikten er feilfri, men vi tør å seie at du kan stole på oss. Traktorar og tekniske data som skal på trykk i bladet blir sortert ut, og levert saman med informasjon om importør, og lister over kor du finn testar og omtaler av aktuelle traktormodellar. Ein slik oversikt, med ei innhaldsliste til kor du finn djupare kunnskap, finn du ingen annan stad enn i Bedre Gardsdrift nr. 9 kvart år.
For å abonnere på Norges største landbruksblad i A4-format går du hit.
Vil du heller laste ned ei enkeltutgåve, kan du prøve det her.
Her kan du finne ei rettleiing i korleis du brukar traktoroversikten på gardsdrift.no.
"