jd+kub storstminst.jpg
jd+kub storstminst.jpg

Størst, minst, tyngst, billegast...

Vesle traktoroversikt på nettet der, kven er sterkast i landet her?

Publisert

Totalt har vi lasta opp noko slikt som 36 000 dataceller i år, til den frå før velfylte traktor-databasen vår på nett. Innimellom alle desse tala finn vi ymse kuriosa som vi kan dele med deg.

Størst og tyngst

"

John Deere 8360R

Største nominelle motoreffekt i oversikten har Fendt 939 Vario SCR, med 376 hk. Største maksimaleffekt har John Deere 8360R, med 409 hk. Denne mørkegrøne kjempa har også størst dreiemoment og størst eigenvekt. Størst nyttelast har derimot CaseIH sine Magnum-modellar.

Minst og lettast

Kubota B1820 har lågaste nominelle effekt og lågast vekt. Her yter motoren 18 hk. Sorterer vi etter lågast eller kortast akslingavstand, stiller Ferrari sterkt.

Billegast og dyrast

Billegaste traktor i oversikten er Dong Feng, ein 25-hestars kinesar til 72 000 kroner. I motsett ende finn vi Fendt 939 Vario SCR, som kostar akkurat nøyaktig 2 119 971 kroner, ut frå det Eikmaskin oppgir.

Pris pr. hk

Belarus 952.3 gir flest hestar for pengane: Kr 2474 pr. gamp. Kring fire gongar så dyre er bratt-bakke-hestane i Reform Metrac H4X. Gjennomsnitts-hesten i oversikten vår kostar kr 5299, målt etter nominell effekt, og utan MVA. Det er på krona det Deutz-Fahr Agrotron TTV 620 kostar. No skal det seiast at gjennomsnittsprisen vår ikkje er vekta mot popularitet. Utvalet av spesialtraktorar drar gjennomsnittet kraftig opp.

Vekt versus effekt

Ferrari Thor 95 RS: Nesten racerbil.

Det er grunn til å tru at Ferrari Thor 95 RS er ein kjapping, og då tenkjer vi ikkje berre på namnet. Her veg kvar hest så lite som 20 kg. Hoppar vi over spesialtraktorane, er Massey Ferguson 7624 Exclusive og Fendt 939 Vario dei med best vekt/effektforhold, på 28 og 29 kg/hk. Zetor Proxima 70 og CaseIH JX60 er enkle traktorar, men likevel tunge i høve til effekten: 61 og 60 kg veg kvar hest her. Desse er einast slått av eit par modellar frå Pronar og Foton, traktorar som knapt har vore selde til no.

Fjøring og klimaanlegg

127 av traktorane i oversikten har fjøring på framakslingen som standard. 172 har det som tilleggsutstyr, altså kan du få fjøring framme på omlag halvparten av traktorane i årets oversikt. Det er fleire som har hyttefjøring enn framakselfjøring som standard, men totalt fleire som kan dempast framme enn i hytta. Vi merkar oss at klimaanlegg tar til å bli temmeleg vanleg. 161 modellar har automatisk klimaanlegg, 186 har ein manuell A/C-knapp, og 126 har klimaanlegg som ekstrautstyr.

Vil du leite etter artig info sjølv? Klikk her for å gå til Bedre Gardsdrifts traktoroversikt!

"
Powered by Labrador CMS