Agritechnica 2011 logo

Optimisme og nye rekordar på Agritechnica

Du forstår at landbruk stadig er viktig, når 415 000 besøkande oppsøkjer dei over 2700 utstillarane på Agritechnica.

Publisert

Der er flust med folk på messeområdet i Hannover, frå tidleg morgon til seint på kveld.

Utstillinga i Hannover er vel unnagjort, med eit besøk godt over alle tidlegare rekordar. Av dei 415 000 besøkande, kjem kring 100 000 frå andre land enn Tyskland. Dette gjer Agritechnica til verdas viktigaste landbruksutstilling. Talet utstillarar er dobla på ti år. Halvparten av dei over 2700 utstillarane er tyske. Resten er frå andre land.

Følg med i Bedre Gardsdrift

Bedre Gardsdrift stilte med tre mann på årets Agritechnica. Noko av det vi fann kan du lese om her på gardsdrift.no, mens den store oppsummeringa blir å finne i komande utgåver av Bedre Gardsdrift på papir. Følg med!

Enorme dimensjonar

No er det to år til neste utstilling, og vi har ingen problem med å tilrå at du reiser dit. Hugs gode sko. Sjølv gjekk underteikna nær 45 000 skritt på tre dagar, og sjølv då heldt det hardt å nå over alt.320 000 kvadratmeter er utleigd til stand-areal i 24 hallar pluss litt utandørs-areal. Sjølve messeområdet dekkjer omlag ein kvadratkilometer. Alle hotellrom i Hannover-distriktet er bestilte i lang tid på førehand, og du må vere tidleg ute for å sikre deg flybillett. Trass det enorme folkehavet, er både det å ta seg til og frå messa og det å kome seg rundt på messa temmeleg greitt. For å hjelpe deg frå hall til hall, går der bussar i fast mønster heile tida. I alle hallar er der matservering. Og i den andre enden: På mange av toaletta er reinhaldspersonalet på plass heile tida. Tyskarane likar at ting er skikkeleg.

Optimisme

Med ei slik oppslutning om ei landbruksmesse, midt i finanskrise og Euro-uro, tenkjer vi tilbake på eit slagord Kverneland Group hadde for nokre år sidan: "They still need lunch". Optimismen som er å spore i landbruket viser at bønder og maskinprodusentar har forstått dette. Folk må ha mat. Landbruk er, og vil vere, viktig. Denne optimismen er det også all grunn til at norske bønder tar med seg.

Powered by Labrador CMS