kuhn slåmaskin brei merking.jpg

Nye breiddereglar i skårfeste

Vi må nok vente enda litt før nye breiddereglar er på plass, men saka er ikkje gløymt.

Publisert

Dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete innsåg at praktiseringa av den såkalla femkilometersregelen ikkje var i samsvar med kva ho ynskte, og heller ikkje i samsvar med landbrukets behov.Difor oppretta Samferdsledepartementet ei arbeidsgruppe som la fram ein omfattande rapport i 2009. Uheldigvis for den vidare framdrifta i saka, hadde fleirtalet i gruppa nokre framlegg som ikkje lar seg gjennomføre utan vesentleg ulempe, som mellom anna går på krav om følgjebil og krav til redusert fart. Det er også stor tvil om dei omstridde elementa i fleirtalsframlegget reelt vil føre til auka trafikktryggleik. Dette har Bedre Gardsdrift peika på i vårt høyringssvar, og underbygd det med opplysningar som ingen av fagetatane (Vegdirektoratet, Arbeidstilsynet, Politiet) evna å skaffe fram. Eit av problema er at alle fagetatane står bak fleirtalstilrådinga, sjølv om grunnlaget bak argumentasjonen deira på fleire område ser heller tynn ut. Bedre Gardsdrift har grunn til å tru at Samferdsledepartementet er usamd med enkelte av tilrådingane frå fleirtalet i gruppa, og at det er grunnen til at nytt regelverk enno ikkje er på plass. Difor blir den midlertidige ordninga ståande enda ei tid, men departementet innser at det vil vere gunstig med ei meir permanent ordning.

"
Powered by Labrador CMS