flotremaskin.jpg

Ny HCP-forhandlar på Breim

Lars Didrik Fløtre har starta Fløtre Maskin AS på Byrkjelo i Gloppen. Han skal drive sal og service, i hovudsak av HCP sine produkt.

Publisert

Nordfjord har plass til to maskinforhandlarar med verkstad, håpar Lars Didrik Fløtre.

Utvalet består av Deutz-Fahr og Zetor traktorar, Krone grasutstyr, og reiskapen som er å få gjennom HCP-ringen. I tillegg kjem olje og forbruksmateriell.

Forsiktig start

Lars Didrik Fløtre har arbeidd som landbruksmekanikar i mange år, så han har ein viss idé om kva han går til. – Eg vil starte forsiktig, utan for stort varelager i butikken og utan andre tilsette. Om ting utviklar seg rett, er her rom både for fleire varer og for fleire medarbeidarar.

Verkstad og servicebil

Han har sikra seg eit godt lokale som også tidlegare har vore brukt til landbruksverkstad. Dessutan stiller han med servicebil.Fløtre Maskin blir den andre maskinforhandlaren/landbruksverkstaden i Nordfjord. Nokre hundre meter unna ligg A-K Hole Traktor og Maskin. Alternativet for nordfjordingane er å reise til Sunnmøre eller til Jølster og Førde. – Eg trur det skal vere plass til meg, så får vi sjå korleis det går, seier den geskjeftige glopparen.

Ny landbruksmaskinforhandlar på Breim

Lars Didrik Fløtre har starta Fløtre Maskin AS på Byrkjelo i Gloppen kommune. Han skal drive sal og service, i hovudsak av HCP sine produkt.

Det betyr Deutz-Fahr g Zetor traktorar, Krone grasutstyr, og reiskapen som er å få gjennom HCP-ringen. I tillegg kjem olje og forbruksmateriell.

Lars Didrik Fløtre er frå gard og har arbeidd som landbruksmekanikar i mange år, så han har ein viss idé om kva han går til.

– Eg vil starte forsiktig, utan for stort varelager i butikken og utan andre tilsette. Om ting utviklar seg rett, er her rom både for fleire varer og for fleire medarbeidarar.

Han har sikra seg eit godt lokale som også tidlegare har vore brukt til landbruksverkstad. Dessutan stiller han med servicebil.

Fløtre Maskin blir den andre maskinforhandlaren/landbruksverkstaden i Nordfjord. Nokre hundre meter unna ligg A-K Hole Traktor og Maskin. Alternativet for nordfjordingane er å reise til Sunnmøre eller til Jølster og Førde.

– Eg trur det skal vere plass til meg, så får vi sjå korleis det går, seier den geskjeftige glopparen.

Powered by Labrador CMS