Pottinger Eurotopp 771 A samlerive

Inga høgdegrense likevel

Samferdsledepartementet har sagt nei til eit framlegg om ei høgdebegrensing på 4,2 meter for køyrety på norske vegar. Framlegget ville også råka høge landbrukskøyrety.

Publisert

Denne riva har nøyaktig 4,2 meters transporthøgde.

Grunnen til at departementet seier nei til ein slik høgderegel, er ei samla vurdering av motforestillingar som auka kostnader, større miljøutslepp og fleire vogntog på vegane. Depatementet har også vektlagt at det ikkje kan ventast betre trafikktryggleik av ei slik høgdegrense. I høyringsutkastet frå Vegdirektoratet vart det tatt til orde for ei høgdegrense på 4,0 eller 4,2 meter. Dette ville mellom anna hatt konsekvensar for køyring med store samleriver, skurtreskarar og trepunktsmonterte slåmaskiner, i tillegg til at kostnaden knytt til frakt av landbruksprodukt og innsatsmiddel ville blitt noko større.

Fri høgde

I dag er det ingen reglar som avgrensar kor høgt eit køyrety kan vere, ut over det som er regulert med skilt ved tunellar og undergangar, og praktiske omsyn som til dømes straum- og telefonlinjer over vegen. Slik vil det vere også i framtida. Det betyr mellom anna at du kan køyre med vaksen skurtreskar eller oppklappa rive der du har køyrd før, med tanke på høgdegrensene.

Jamfør breidderegelen

Mens transportbransjen har kjempa mot høgderegelen, noko mellom anna Bedre Gardsdrift har gitt full støtte til, har Norges Lastebileier-Forbund kjempa hardt for ei innskjerping av breiddereglane for landbruksreiskap. Difor er det påfallande å sjå at argumentasjonen som er brukt mot ein høgderegel, er svært lik argumentasjonen landbruket har mot ein innskerpa breidderegel: Ei innskjerping av breidde-regelverket vil føre til auka kostnader, større miljøutslepp og meir køyring langs vegane. Ein strengare breidde-regel er ikkje dokumentert å kunne gi større trafikktryggleik, kan hende tvert imot. Vi merkar oss at departementet har lytta til argumenta når dei er brukt om høgde.

"
Powered by Labrador CMS