1106 regstat graf q.jpg

Godt halvår

Totalmarknaden peikar beint mot 4000 traktorar, og John Deere kan atter bikke 1000-streken. Alle dei store har god vekst i tal traktorar. Første halvår 2011 ser bra ut.

Publisert

§ return AskmediaImportHelper::emptyCheck( '

(c) Bedre Gardsdrift.

Mai var heilt knall, og no snakkar vi ikkje om vêret. Juni er også svært bra, målt mot kva vi er blitt vant med dei siste åra. Skal vi finne att to like gode månader på rad - utanom alltid gode desember, må vi mange år attende.Første halvår 2011 enda på 1911 traktorar. Det er eit halv tusen betre enn både 2010 og 2009. Vi er med andre ord tilbake på nivået for den gode perioden 2006 til 2008, og ligg fint an til eit skjema med målgang på kring 4000 traktorar.Ser vi på dei ulike merka, er det einast Valtra ikkje heilt held følgje med veksten i totalmarknaden av dei fire i toppen. Trøysta er at finnen er nest størst i juni, og Valtra er eit av få merke med fleire registreringar i juni enn i mai. På dei neste plassane ser vi også mange som taper litt i marknadsandel til dei fire store. Unntaket er Fendt, som no ligg likt med Claas når vi ser på første halvår.Legg elles merke til JCB, som er på ein oppsiktsvekkande 11.-plass på registreringsstatistikken. Og John Deere: Heilt suveren i toppen, med kraftig vekst. MF er stabil på andre, men forspranget er ikkje større enn at det er heilt ope korleis dei tre andre store plasserer seg om nye seks månader.

Registrering månad for månad. Raud strek: 2011.

', 'body' ); §

Powered by Labrador CMS