protos hjelm.jpg

Glatt skogshjelm

Med feste for hørselsvern og visir på innsida, leverer Protos ein hjelm som er heilt glatt på utsida. Og ikkje berre det: Denne hjelmen er godkjent også for slag frå sida.

Publisert

Ti års utviklingsarbeid ligg bak den austerrikske hjelmen. Seriøse greier.

Den er attpå alt sertifisert for bruk offshore. For å sikre at hjelmen sit skikkeleg på hovudet, er der ei plate som du vippar fram i nakkegropa når du tar på deg hjelmen. Hørselsverna lagar ikkje noko klikk når du feller dei inn til øyra, og du kan justere kor hardt dei skal presse mot hovudet. Når du feller dei opp, ligg dei beskytta av hjelmen. Visiret fluktar med framkant av hjelmen når det er slått ned. Ved at visiret kjem nærare ansiktet, har du godt breiare synsfelt enn ved tradisjonelle hjelmar. Du kan opne og stenge luftinga, og det er lett å skifte sveitteband. Hjelmen kan også leverast med Peltor hørselsvern, med eller utan ymse kommunikasjon.

Dette er berre nokre av fordelane dei austerrikske utviklarane peikar på med sin høgteknologiske Protos integral-hjelm.

Norsk importør finst ikkje. Enno.

Powered by Labrador CMS