jaget vilt-n
jaget vilt-n

Breiddereglane: Ingenting nytt

Nytt regelverk for køyring med breitt landbruksutstyr lar vente på seg. Difor gjeld framleis den midlertidige tolkinga som lar deg køyre inntil 34 km med utstyr mellom 2,55 og 3,50 meter.

Publisert

Definisjonen av "kortere avstand" er og blir 34 kilometer, heilt til noko anna er bestemt. Altså finst det ikkje nokon "femkilometersregel".

Tilbakemeldingar frå Bedre Gardsdrift sine lesarar viser behov for å klarlegge kva reglar som gjeld.

Utgangspunktet

I Forskrift om bruk av kjøretøystår denne regelen:" § 5-4. Kjøring som er tillatt uten dispensasjon på offentlig vegd) Forflytting av landbruksmaskin over kortere vegstrekning som ledd i vanlig bruk. Største bredde må ikke overstige 3,50 m. Aksellast, last fra akselkombinasjon eller lengde må ikke være større enn det som er tillatt etter vedlegg 1 og veglister i henhold til dette vedlegg.

Det uklare

Dei som er sett til å handheve reglane, praktiserte ein periode for nokre år sidan at "kortere vegstrekning" ikkje kunne vere over fem kilometer, og på bakgrunn av det vart denne generelle dispensasjonen i forskrifta omtala om "femkilometersregelen".Det har også vore uvisse knytt til om traktoren er ei "landbruksmaskin". Som om ikkje det er nok, har ymse kontrollørar reist tvil om når det kan reknast som "forflytning" dersom du til dømes køyrer brei gjødselvogn med innhald.

Midlertidig regeltolking

I påvente av nytt regelverk, avgjorde Samferdsledepartementet våren 2009 at den nemnde regelen skulle tolkast på følgjande vis:- "Kortere vegstrekning" er inntil 34 kilometer pr. forflytting. " - "Landbruksmaskin" omfattar også traktor med breidekk eller tvillinghjul. " - Regelverket skal handterast "med fornuft og fleksibilitet". Dei to første punkta er presisert i brev til Vegdirektoratet, og det siste punktet har både dåverande og noverande leiing i Samferdsledepartementet fleire gongar stadfesta til Bedre Gardsdrift.

Gjeld framleis

" Den midlertidige regeltolkinga har inga tidsavgrensing, og den vil gjelde fram til noko nytt er bestemt. Det stadfestar nok ein gong politisk rådgjevar Sigrid Brattebø Handegard til Bedre Gardsdrift, september 2011. - Eg stiller meg heilt og fullt bak tolkinga av reglane som du nemner når det gjeld avstand, traktor med breidekk eller tvillingdekk, og formuleringa om at reglane skal handhevast med fornuft og fleksibilitet, seier Handegard til Bedre Gardsdrift. Ho er den i Samferdsledepartementet som handterer dette saksområdet, og ho er den eine av dei to næraste medarbeidarane til Samferdsleministeren.

Kven gjeld dette for?

Det har aldri vore avgrensingar i kven tolkinga skal gjelde. Forksrifta omtaler "landbruksmaskin (...) i vanlig bruk". Altså er det ingen bindingar til verken kven som eig landbruksmaskina eller kven som brukar den. Einaste føresetnaden er at køyringa skal vere knytt til arbeid i landbruket. Også dette har Bedre Gardsdrift fått stadfesta frå øvste leiing i Samferdsledepartementet ei rekkje gongar.Bedre Gardsdrift har høyrd at folk er blitt møtt med at dei ikkje er i samdrift og dermed ikkje kan køyre inntil 34 kilometer, eller at kontrollørar langs vegen påstår at regelverket ikkje gjeld for folk som køyrer entreprenørkøyring. Dette er feil. Det er også feil å hevde at ein traktor ikkje kan vere breiare enn 2,55 meter ved køyring langs veg, så lenge traktoren er nytta til landbruksdrift og har brei reiskap påmontert, eller har annan god landbruksfagleg grunn til å vere så brei. All køyring knytt til vanleg arbeid innan landbruket er godkjent, også med køyrety inntil 3,50 meters breidde, punktum.

Døme

Eit døme på kva som fell utanom det som er kalla "vanlig bruk" i landbruket, er om du finn på å køyre grus eller stein langs offentleg veg med utstyr breiare enn 2,55 meter. Der gjeld ikkje den generelle dispensasjonen i paragraf 5-4 d). Noko som er lov, slik departementet seier at forskrifta skal lesast, er om du køyrer med ei rive, rundballepresse eller harv på inntil 3,50 meters breidde. Traktoren framom kan også vere inntil 3,50 meter brei.

Typegodkjenning: Maks 2,55

Det er viktig å ikkje blande reglane knytt til bruk av traktoren til reglane for typegodkjenning. Kravet er at traktoren ikkje skal vere breiare enn 2,55 meter ved typegodkjenning, men den kan altså gjerne vere breiare om den køyrer med brei reiskap knytt til landbruksdrift.