reg-ill10.jpg

1: JD - 2: NH - 3: MF - 4: Valtra

John Deere er tilbake på sitt tradisjonelle nivå. New Holland kaprar andreplassen, mens MF må nøye seg med tredje. Totalmarknaden er opp 23 prosent til 3220 traktorar.

Publisert

2009 var eit unntaksår, med finanskrise, leveringsvanskar og mykje anna rart, og vi fekk det lågaste registreringstalet på lange, lange tider. Det er difor ikkje uventa at pila for 2010 peikar oppover, og det er grunn til å gle seg over eit akseptabelt registreringstal. Likevel er det ingen grunn til å kjøpe største sjampanjeflaska. 2010 er, etter 2009, det svakaste året sidan 2002. Men kan hende er vi nærare eit realistisk nivå på traktormarknaden enn kva vi var i perioden 2005 til 2007, med over 4000 registreringar årleg. Siste 10 åra er det registert vel 3500 traktorar pr. år. Det er eit nivå som nok er bærekraftig, men å kome mykje høgare er mindre realistisk.

Dei fire store

John Deere hadde sitt annus horriblis i Noreg i 2009. Difor er nok både felleskjøpa og mange bønder nøgde med at merket er tilbake på si vante plassering, med vante marknadsandelar, i 2010. Grunnane til dette kjem vi nok nærare inn på mellom anna i BG 1/2011. Det er i alle høve god grunn til å gratulere dei gul-grøne med sigeren. New Holland har ikkje vore nummer to på statistikken sidan 2005. Då overtok A-K CaseIH, og det oppsto ein viss kanibalisme. No er den blå tilbake på sølvplass, etter intenst arbeid både på utviklingsavdelinga til NH og hos A-K maskiner, med eit stadig ganske ferskt eigarskifte i bagasjen.For Massey Ferguson har det gått meir trått i 2010. Rett nok er det ikkje den store endringa frå i fjor i talet traktorar, men marknadsandelen går kraftig ned. Valtra har vore meir stabil på månadsstatistikken enn dei tre andre, men i dette tilfellet betyr det at finnen ikkje har hatt månader som er uvanleg gode til å dra seg opp på. Dette betyr fjerdeplass gjennom året, med så vidt fleire traktorar enn i fjor, men ein marknadsandel som er svakare enn på lenge.

Offensivt og defensivt

CaseIH er i siget, både når vi ser utviklinga gjennom dei siste åra, og når vi ser månad for månad gjennom året. Enno kjenner ikkje dei fire store pus(t)en i nakken, men held utviklinga fram slik, er det ikkje lenge før kvar tiande nyregistrerte er ein CaseIH.Claas har stabilisert seg på å ta omlag fem prosent av kaka, uansett om kaka er stor eller lita. Det gir samstundes ein trygg sjetteplass. Ikkje store behovet for noko djup analyse der, altså. Zetor har også vore stabil dei siste åra, men har likevel klatra frå niande til åttande, og no sist til sjuandeplass. Grunnen til det er like mykje Deutz-Fahr og Fendt som Zetors situasjon. Den lysegrøne held seg i området åttande til niande, med ein viss nedgang i forfjor, noko som vart retta oppatt i fjor. Den mørkare grøne med sine karakteristiske raude felgar er to plassar ned, sjølv om talet registrerte traktorar er fem betre enn i fjor. Forklaringa er at desse fem ikkje er nok til å halde følgje med veksten i marknaden, og då blir det trekk i marknadsandelen.

Dei mindre

McCormick er nest sterkast i stup, målt i tal traktorar, etter MF. Den no italienskbygde traktoren med det tradisjonsrike namnet har nok likevel nedgangen som svir mest. For to år sidan vart det registrert nøyaktig dobbelt så mange McCormick, og marknadsandelen var nesten på høgde med Zetor.JCB held det vi må rekne som stø kurs også i 2010. Enno har vi nok ikkje sett utslag av at landet er splitta mellom to konkurrerande importørar, men det kan gi seg utslag ganske så fort inn i det nye året. For Ferrari på 13.-plass veit vi at mange traktorar også går uregistrerte, noko som også gjeld fleire andre merke vidare nedover lista. Her skal vi difor ta utslaga frå år til år med ei passe klype salt.

Meir i bladet

Som vanleg finn du ein komplett registreringsstatistikk i Bedre Gardsdrift nummer ein i år, med alt du kan ynskje deg av tabellar og sorteringar. Bladet er ute i slutten av månaden.

PS: Andre plassar kan du kome til å finne talet 3233 for totalregistreringane. Ein av traktorane i skilnad er ein minihjullastar av typen Kramer Allrad, som ved ein feil er kategorisert som traktor av trafikkstasjonen der den er registrert. Denne er ikkje med i BGs korrigerte statistikk. Grunnlagsmateriellet vårt kjem frå Opplysningsrådet for vegtrafikken, som vi har eit godt samarbeid med.

Det er også feilregistrert 12 Holder som nye. Meir om det her.

"

Siste 12 månader, førre 12 månader og perioden før der att (c) BG.

Powered by Labrador CMS