rollytoys mf.jpg

Nye MF og JD for dei yngre

Rolly Toys tar komande bønder på alvor. No kjem dei med nye modellar av Massey Ferguson og John Deere, som samsvarer med det nye designet på dei store utgåvene av traktorane.

Publisert

Vil du ha moderne John Deere før pappa?

Massey Ferguson er tydeleg på korleis deira traktorar ser ut i åra som kjem. No er også John Deere på plass med nytt design på dei vaksne traktorane. Då må sjølvsagt også traktorane til våre håpefulle følgjer etter. Dei raude får du med nytt design i tre storleikar: Rolly minitrac sparketraktor, Rollykid for dei yngre, og Rolly Farmtrac for dei litt eldre.

Farmtrac-serien kan leverast med gummihjul (kjøp med det, seier BGs erfarne fedre).

Den nye John Deere-modellen er av også av varianten Farmtrac.

Elles noterer vi oss at Zetor no er å finne i RollyToys sortiment.

Effektive unge bønder kan få krokløfthengar til ein noko greiare pris enn kva vi vaksne må betale.

Ny Massey Ferguson for dei aller minste, dei litt større og dei enda litt større.

Powered by Labrador CMS