bilhengerkalkulator.jpg

Kor tung biltilhengar?

Statens Vegvesen har lansert ein enkel og grei vektkalkulator for bil med tilhengar. Her legg du inn registreringsnummer på bilen og kryssar av for førarkortklasse, og du får svar med eit klikk.

Publisert

§ return AskmediaImportHelper::emptyCheck( '

Reglane for å trekke hengar kan vere til dels innfløkte. Du må ta omsyn til førarkortklasse, eigenvekter og vognkort. Mykje av denne informasjonen har Statens Vegvesen i sine datasystem, og no brukar dei dette på ein god måte.Om reglane er krokete, er vektkalkulatoren aldeles beint fram enkel. Vil du ha grunngitt svaret, får du opp bakgrunnen for utrekninga. Bra greier! Her finn du kalkulatoren for hengarvekt på person- og varebil. For traktor og tilhengar er det heile langt meir innfløkt. Her er heller ikkje informasjonen som Vegvesenet sit på frå vognkortet god nok til å brukast i eit reknestykke. Berre slike ting som auka vekt frå andre dekk enn dei som sto på ved typegodkjenning kan utgjere eit tonn skilnad på nyttelasta. Difor er det få andre måtar å finne hengarvekta på enn å køyre til ein vektstasjon og legge inn verkelege tal i Bedre Gardsdrifts vektkalkulator. Den er den einaste i sitt slag, og du finn den her.

', 'body' ); §

"
Powered by Labrador CMS