Høgdesaka - Bedre Gardsdrifts høyringssvar

Publisert

Statens vegvesen Vegdirektoratetfirmapost@vegvesen.no

Olden, 21.03.2010Dykkar ref: 2009/242803-001

FORSLAG OM INNFØRING AV HØYDEBEGRENSNING PÅ KJØRETØY - HØYRINGSINNSPEL FRÅ BEDRE GARDSDRIFT

Konklusjonar

Bedre Gardsdrift oppmodar om at det i utforminga av framtidig regelverk også blir tatt tenkt på køyring med landbruksmaskin med stor høgde, slik at desse maskinene ikkje hamnar i ei forskriftsmessig gråsone. I ei lang rekkje andre forskrifter er det eit problem at landbruksmaskiner ikkje spesifikt er omtalt. Dette fører til uvisse hos førar, kontrollør og styresmakter elles, i korleis det aktuelle regelverket skal handhevast, og medfører ugreie situasjonar, unødig heft og ulik handsaming av trafikkantane. Vår tilråding er at landbruksmaskin med høgde over ei eventuell maksimalgrense får ein generell dispensasjon frå høgdekravet, vel å merke knytt til køyring innan landbruket, på same vis som Vegdirektoratet skisserer for spesialtransport med udelbart gods. Utforminga av denne dispensasjonen bør vere på tilsvarande vis som den generelle dispensasjonen knytt til køyring med landbruksmaskin mellom 2,55 og 3,5 meter, jamfør høyringa Samferdsledepartementet no har til behandling knytt til dette regelverket (Kjøring med brede landbruksmaskiner på offentlig veg, Rapport fra arbeidsgruppe august 2009), jamfør også Forskrift om bruk av kjøretøy § 5-4 pkt. 2 bokstav d). Den generelle dispensasjonen må gjelde sjølvstendig køyrety, køyrety med fastmontert reiskap og reiskap trekt eller boren av køyrety.

Omfang og type maskiner

Talet landbruksmaskiner med høgde over 4,0 meter er lite, og maskintypen vil neppe nokon gong utgjere nokon stor bestand. Det meste av landbruksmaskiner som er i bruk i Noreg har ei maksimalhøgde på inntil 4,0 meter, men visse typar spesialreiskap er likevel høgare. Det eksisterer ingen statistikk over høgder på landbruksmaskiner. Noko av reiskapen som vert importert til Noreg, kjem frå viktige landbruksland som Frankrike, Sverige og Storbritannia, der det ikkje er definert høgdeavgrensing.Det som finst av utstyr over 4,0 meter er primært ikkje registeringspliktig utstyr, i transportposisjon. Dette utstyret har ingen funksjon langs veg ut over at det må forflyttast frå arbeidsområde til arbeidsområde, og dette er såleis maskiner som ikkje på nokon måte er i konkurranse med utstyr knytt til andre næringar. Utstyr med slik høgde er i det alt vesentlege einast brukt i sitt eige nærområde, med høvesvis korte køyreavstandar, og som regel med ein godt lokalkjent førar.Det må også nemnast at storparten av utstyret med stor høgde har høvesvis lågt tyngdepunkt, ved at sentraldelen av reiskapen er plassert midt på maskina, nært bakken. Dermed er det meir perifere arbeidsorgan eller hjelpefunksjonar på reiskapen, med lita eigenvekt, som fører til den store høgda. Følgjeleg er det ingen automatikk i at ei landbruksmaskin med høgde over 4,0 meter har dårlegare stabilitet enn ei lågare landbruksmaskin.Bedre Gardsdrift har gjennom mange år følgd ulukkesstatistikken for landbruksmaskiner nøye. Vårt bestemte inntrykk er at maskiner med høgde over 4,0 meter ikkje på noko vis er representert i ulukkesstatistikken av grunnar knytt til høgda på maskina. Vi meiner difor at det, av omsyn til trafikktryggleiken, er uproblematisk å innføre ein generell dispensasjon til å køyre med landbruksmaskin høgare enn 4,0 meter.Det må også nemnast at slikt utstyr særs sjeldan blir køyrd i tunellar der det er behov for sentrisk køyring.Nokre av maskintypane med høgde over 4,0 meter er slik konstruerte at dei kan demonterast ned til ei lågare høgde, men slik demontering er ofte såpass arbeidskrevjande at det ikkje er praktisk gjennomførbart i samband med arbeid med maskina. Visse reiskapstypar er monterte på traktor ved ein så omfattande monteringsprosess at utstyret står fast på traktoren gjennom heile brukssesongen. Det kan såleis vere grunnlag for å diskutere om utstyret er "udelbart gods", på same vis som at eksemelvis ei gravemaskin kan få mindre høgde eller breidde om det blir lagt ned eit vesentleg arbeid i demontering. Med dette som bakgrunn er det også grunn til å vurdere formuleringane knytt til utstyr der objekta som gjer høgda større enn 4,0 meter, er fastmontert på sjølve køyretyet for ein kortare eller lengre periode.

Om Bedre Gardsdrift

Bedre Gardsdrift er Norges største landbruksfagblad, med 15 315 betalande abonnentar og med det ein dominerande posisjon innan målgruppa. Bladet er utgitt av det frittståande Ask Media. Våre stoffområde er særleg retta mot bønder og andre som er spesielt opptekne av landbruksmaskiner. Vi har difor i nærare ti år arbeidd grundig med emne knytt til trafikkreglar for traktor, gjennom artiklar i bladet og på nettsidene våre, og gjennom foredrag. Lesarane våre viser stort engasjement i saksområdet, noko som fører til at vi er i tett dialog med dei. Bedre Gardsdrifts redaksjon har djuptgåande kjennskap til problemstillingar knytt til landbruksmaskiner og trafikkreglar, og vi følgjer også med å alt vi får kjennskap til av ulukker der landbruksmaskin er involvert.Med dette som bakgrunn vil vi bidra med våre innspel.Vi ynskjer direktoratet lukke til i det vidare arbeidet med saka. Om vi kan bidra på noko slags vis i det vidare arbeidet, stiller vi gjerne opp.Beste helsing Jogeir M. AgjeldBedre Gardsdrift

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS