jd 6920 kvl v plog 4skj stubb 03

Utviklinga på maskinleigeprisane

Pløying, tresking, slått og pressing er stadig billeg, mens transport og mannskap går opp. Det viser Bedre Gardsdrifts indeks over leigekøyringsprisar frå dei siste sju åra.

Publisert

Bedre Gardsdrift har sidan 2003 har laga si eiga liste over prisar på maskinleige og leigekøyring. Fordi lista gjennom desse åra har hatt ei lik form og blitt laga på likt vis, er vi stolte over at vi som einaste aktør kan presentere ein oversikt over korleis prisane har utvikla seg.

Dei viktigaste prisane

Vi har plukka ut dei prisane vi har det klart mest solide kjeldematerialet på, prisar som er representative for det viktigaste arbeidet som blir utført utandørs. For lettare å kunne samanlikne tala, har vi laga ein indeks. Vi brukar året 2005 som utgangspunkt, fordi det er første året der alle dei aktuelle leigekøyringsprisane er med. Vi har valt å konsentrere oss einast om leigekøyringsprisar, fordi vi her har fleire kjelder, fordi desse prisane har ei meir dynamisk utvikling, og fordi desse prisane seier mest om kostnadsnivået på mekaniseringa vår.

Representative tal

Utgangspunktet for lista er middelprisen, altså ein pris vi manuelt hentar ut av kjeldematerialet for dei fleire hundre reiskapstypane/arbeidsoperasjonane vi kvart år har med. Middelprisen er den mest representative prisen ut frå tala vi har i kjeldematerialet vårt. Måten middelprisen vert sett på er den same i dag som då vi innførte metoden i 2004. For 2003 har vi nytta den noko meir upresise gjennomsnittsprisen.

Rimeleg arbeidskraft

Det er interessant å sjå utviklinga på prisen på førar eller manuelt arbeid ved samtidig leige av reiskap. Denne prisen indikerer kva dei som driv leigekøyring verdset si eiga arbeidskraft til. Det må med ein gong seiast at føraren var heller lågt verdsett fram til vi fekk eit hopp i 2008. 165 kroner pr. time i utgangsåret 2005 er ikkje nokon høg sum, når vi veit kva denne betalinga skal dekkje ut over ordinær løn. Meir om det i BG 4/2010. Samanliknar vi utviklinga for føraren med indeksen for totale arbeidskraftkostnader i industrien, ser vi at akkurat på dette området klarer landbruket å halde sånn brukbart følgje, men vel å merke med eit litt slapt utgangspunkt.

Referansegrunnlag

For å ha noko å samanlikne seg med utanom landbruket, har vi også med konsumprisindeksen. Det skal seiast at vi i den aktuelle perioden har hatt dieselprisar og eksempelvis plastkostnader som har stige særs mykje brattare enn konsumprisindeksen.

Forklaring på kodane i toppen av tabellen finn du under tabellen.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS