kollisjon favang.jpg

Tre skadde i kraftig kollisjon med traktor

Ein personbil, ein semitrailer og ein traktor med frontlastar var involverte i ei trafikkulukke på E6 ved Fåvang i Gudbrandsdalen onsdag kveld. Dei tre førarane vart sende til sjukehuset på Lillehammer etter ulukka.

Publisert

Faksimile: GD.no.

Føraren av personbilen vart hardast skadd av dei tre. Han er i syttiårsalderen og skal vere frå området. Sjukehuset melder at tilstanden for alle tre skadde er stabil, og ingen er kritisk skadde. Traktorføraren er ein lokal mann i førtiåra.Politiet etterforskar ulukka. Enno er ingen avhøyrde, og Politiet har ikkje gjort seg opp noko meinig om kven som eventuelt kan lastast for hendinga, fortel lensmannskontoret i Ringebu til Bedre Gardsdrift. Dei ser for seg at det som kan ha skjedd, er at traktoren stoppa for å vente på møtande trafikk, før den skulle svinge av til venstre. Semitraileren kom bak traktoren og greidde ikkje å stoppe, slik at traktoren vart skuva over i motsett køyrefelt, der den kolliderte med den møtande bilen.

Traktoren har frontlastar, og var utstyrt med eit trepiggs rundballespyd, noko som har vakt diskusjon. Politiet melder at traktoren var i nytta som landbrukstraktor i arbeid då ulykka skjedde.

Karl.Birger.Solhaug@a-k.noTre skadde i kraftig kollisjon med traktor

Ein personbil, ein semitrailer og ein traktor med frontlastar var involverte i ei trafikkulukke på E6 ved Fåvang i Gudbrandsdalen onsdag kveld. Dei tre førarane vart sende til sjukehuset på Lillehammer etter ulukka.

Føraren av personbilen vart hardast skadd av dei tre. Han er i syttiårsalderen og skal vere frå området. Sjukehuset melder at tilstanden for alle tre skadde er stabil, og ingen er kritisk skadde.

Politiet etterforskar ulukka. Enno er ingen avhøyrde, og Politiet har ikkje gjort seg opp noko meinig om kven som eventuelt kan lastast for hendinga, fortel lensmannskontoret i Ringebu til Bedre Gardsdrift.Dei ser for seg at det som kan ha skjedd, er at traktoren stoppa for å vente på møtande trafikk, før den skulle svinge av til venstre. Semitraileren kom bak traktoren og greidde ikkje å stoppe, slik at traktoren vart skuva over i motsett køyrefelt, der den kolliderte med den møtande bilen. Traktoren har frontlastar, og var utstyrt med eit trepiggs rundballespyd, noko som har vakt diskusjon. Politiet melder at traktoren var i nytta som landbrukstraktor i arbeid då ulykka skjedde.

Powered by Labrador CMS