kaldtq.jpg

Tine silopresset?

Med sånn omlag ein halvmeter is oppå siloen, og berre kulde på langtidsvarselet, ser framtida lite lysteleg ut. Har du gode tips om tining av silopress?

Publisert

Fint skogsvêr, men ikkje veldig bra temperaturar for vått silopress.

I fjor sleit vi med elektrisk motorsag og uhandterlege isblokker, etter at vi vart overraska av ein uvanleg kuldeperiode. Frose vasspress på siloen har aldri vore noko nemnande problem her før. Difor var vi fast bestemte på å tøme presset på alle siloane tidleg i november i år, for å sleppe same leie leiken om att. Men før vi var klare, hadde isen lagt seg. Det er da ikkje normalt med sprengkulde alt i november på Vestlandet, men i alle fall: Vi er tatt på senga, og har lite lyst på ei reprise av fjorårets ugreie manuelle jobb.

Har du gode tips?

I BG nr. 2 i 1998 skreiv frilansar for Bedre Gardsdrift, Lars Flatvad, om å bruke varmtvass-vaskaren til å tine silopress. Ved å legge sugeslangen ned i presset (påmontert høveleg filter), og spyle tilbake oppvarma vatn, gir denne løysinga sirkulasjon med lite tap av varme, og til sist har du handterbart vatn. Vi har ikkje prøvd, men ideen høyrest freistande ut. Men finst der andre løysingar som kan vere like greie? Vi vågar påstanden at vi ikkje er dei første som har opplevd dette, og vi blir nok heller ikkje dei siste. Kan hende har du ein prøvd eller uprøvd ide som er verd å formidle vidare. Gjer i så fall det her inne i debattforumet.

Best: Føre var

" Det aller beste tipset er sjølvsagt å vere føre var. Det trudde vi skulle gå bra i år. Ferdig med oktober, med opptil fleire rekordvarme dagar, då sto silotapping på programmet. Men frosten kom oss i forkjøpet. Og sjølvsagt, i staden for straks å tappe av det som framleis var flytande, tenkte vi at "det er da aldri lange periodar med permafrost så tidleg på året". Men det vart det.Andre løyser det på meir idiotsikre måtar, med betonglodd som er like tunge eller lette å fjerne, uansett temperatur. Ein kar vi skreiv om frå Levanger, brukar ei frostsikker væske som han oppbevarer på 1000-literstankar når væska ikkje har jobb som press. Og joda, høy er frostsikkert. Hadde vi berre hatt vêr til det, og høytørke når langtidsvarselet sommarstid er som i sommar. Alternativet er jo å kjøpe høy til hestepris, men timeprisen for å hogge silopress seiest å vere ugunstig, den og. I alle fall: Tips til å få bort vasspresset er velkomne i debattforumet.

"
Powered by Labrador CMS