reg-ill10.jpg
reg-ill10.jpg

Svært sterk juni for John Deere

Meir enn kvar tredje nyregistrerte i juni er ein Deere, og det fører til eit kraftig rykk også på statistikken for første halvår.

Publisert

Registreringsstatistikk første halvår 2010.

Med første halvår unnagjort, viser saldoen 374 traktorar til John Deere, 227 til Valtra, 207 til MF og 205 til New Holland. Totalmarknaden er fram 96 traktorar frå første halvår i fjor, og endar på 1477. Etter årets sterke juni hoppar John Deere forbi MF på statistikken for siste 12 månader. Dermed kan Felleskjøpa sin traktor innkassere trippelsiger i juni: Største merke denne månaden, til no i år og siste 12 månader.Valtra er i støtet,: Nest størst siste 12 månader, til no i år og i juni. Finnen er det einaste traktormerket med tydeleg framgang i talet nyregistrerte traktorar siste 12 månader, og marknadsandelen er følgjeleg i god vekst. Dei tre siste månadane har Valtra fått registert omlag dobbelt så mange nye kvar månad, som i tilsvarande periode i 2009. Dette er ei utvikling Valtra-folket har grunn til å feire.Massey Ferguson går det meir trått med. 34 traktorar i juni er magert, og MF har bak seg fleire magrare månader så langt i år. Resultatet er i alle fall at MF endar på tredjeplass både til no i år og siste 12 månader. Ein såpass langvarig svak periode som MF har bak seg gjer at det ikkje lenger nyttar å kvile på gode månader i fjor.New Holland held fjerdeplassen i det som gjennom første halvår strengt tatt ser ut som daudt løp mot MF. Begge taper både marknadsandelar og traktorar til dei to over seg og dei tre under seg på lista.CaseIH er i ferd med å vise litt musklar. Den raude CNH-traktoren drar ifrå resten av utfordrargjengen, og har nesten like stor auke i tal traktorar første halvår som John Deere. CaseIHs framgang er like fullt ti traktorar mindre enn New Hollands tilbakegang. Også Claas og Deutz-Fahr går tydeleg fram. Fendt og McCormick går tilbake. Sistnemnde har tredjestørste tilbakegangen, etter New Holland og Massey Ferguson, målt i tal traktorar. Dramatikken er likevel større for McCormick, der kvar tredje nyregisterte er blitt borte frå i fjor til i år. Ser vi på 12-månadersstatistikken, er McCormick halvert frå same periode i 07/08.

Nyregistrerte traktorar i Norge siste 12 månader, førre 12 månader og dei 12 månadane før det. (c) Bedre Gardsdrift.