Solid liste

Det finst mange måtar å gjere det på, når du skal opprette ei prisliste for leigekøyring. Eit viktig krav, uansett korleis du gjer det, er å ha tilstrekkeleg mange kjelder. Men det er ikkje nok.

Publisert

Det hjelper lite å ha mange kjelder totalt sett, om du har for få kjelder på mange av prisane. Det er heller ikkje godt nok å ha mange kjelder, om du ikkje går gjennom dei innkomne prisane med eit kritisk blikk før du set dei på trykk.I lista frå Bedre Gardsdrift er alle prisar med store avvik luka bort. Har vi 20 prisar der dei høgaste ligg i området kring 150 til 160 kroner, tar vi bort den eine prisen på 250 kroner, sjølv om denne kan vere rett i sin gitte situasjon. Det er heller ingenting gale i at ein sprøyteentreprenør opererer med 40 kroner pr. dekar for areal under 10 mål, men den prisen høyrer ikkje heime i vår liste. Denne manuelle utsilinga kan forklare at vi har mindre spenn i mange av prisane våre, enn kva du kan sjå i andre lister.I tillegg arbeider vi bevisst for å sikre eit betre kjeldegrunnlag der det er behov for slikt. Vi har nemleg visse minimumskrav på kvar einaste pris, før vi publiserer den. Meiner vi kjeldegrunnlaget er for tynt, arbeider vi målretta for å betre grunnlaget. Det betyr at den lista vi utarbeider, er til å stole på. Og lista? Den finn du i Bedre Gardsdrift nr. 4/2010, som du får i postkassen om du abonnerer. Er du ikkje abonnent, kan bladet lastast ned her. Det kostar nokre få kroner, men så er det da vel ingen som gir bort verdipapir gratis...

"
Powered by Labrador CMS