Haydom januar 2010_01

Reisebrev fra Tanzania

Jærbu og ildsjel Ingar Kvia er nok en gang i Tanzania. 15. januar overleverte han en MF5475 og Scania G480 6x6. Her kan du lese Ingars reisebrev. Bilder finner du i vårt bildegalleri.

Publisert

Takket være norsk giverglede kan Haydom Lutheran Hospital i Tanzania ta i bruk en ny MF5475 og Scania G480 6x6.

Torsdag 7. januarEg starta på den 100 mil lange turen frå Dar-es-Salaam til Haydom. Første etappe var 28 mil. Da kjørte vi til ein plass som heiter Segera. Der hadde vi ei kort natt på eit gjestehus.

I Segara møtte eg også den andre lastebilen, som eg gav til Haydom i 1999. Den var på veg til Dar-esSalaam for å henta to containerar og for ein mindre service på Scaniaverkstaden i Dar-es-Salaam.

Fredag 8. januar Me starta dagen klokka fem om morgonen og var hos Scania utpå formiddagen. Nerver og musklar har stått i høgspenn lenge. Ville me klara å nå jubileumsfesten på Haydom 15. Januar? Den nye lastebilen med traktoren på planet og den gamle med containerane.

Laurdag 9. januar Prøvde forgjeves å få Scania-folka til å jobba på laurdag, men dei meinte dei hadde kontroll på tida. Henta Norleif Slettebø, og Ragnar Ege på flyplassen i Dar-es-Salaam på laurdagskvelden. Norleif Slettebø er med og lagar film. Traktorreparatør og gardbrukar Ivan Veen frå Gilja er på Haydom og gjer ein fantastisk jobb med å reparera traktorane.

Måndag 11. januarMandag morgon var me spente på om alt ville gå bra hos Scania. Då fekk me beskjed om at dagen etter, tirsdag 12. januar, er Sazibars nasjonaldag og heilagdag i Tanzania. Då dalte håpet om å nå Haydom 15. Januar.

Eg skulle på eit kontor midt i byen i Dar-es-Salaam hjå min klareringsagent og henta skilt og vognkort til den nye traktoren. Den oppgåva måtte ein anna ta. Eg torde ikkje forlata Scaniaverkstaden denne dagen. Sprang mellom dei to Scania-lastebilane heile dagen, pressa på og masa heile dagen, noko eg er god til.Eg sa at kona har haldt ut med meg i 27 år, og d å må dei klara å halda ut ein dag eller to. Begge lastebilane rulla ut porten på Scania-verkstaden klokka ni om kvelden.

Tysdag 12. januarEg fekk pressa igjennom at ein mann skulle koma på tysdag morgon, som altså var heilagdag, for å driva opplæring 3-4 timar på den nye Scaniaen.

Tysdag middag reiste me nokre mil ut av Dar-es-Salaam på eit stort lager for å lasta to containerar frå Noreg. Det tok si tid då containerane vart heist opp å lastebilen med kjettingtaljer og handmakt. Me var ferdige klokka seks om kvelden. Då var det for seint å starta på dei 70 mila til Arusha på grunn av faren for overfall.

Onsdag 13. januarKlokka fire om morgonen starta vi turen vidare. Etter 15 timar, klokka sju på kvelden, nådde me Arusha. Då hadde me vore innom tre døgnåpne vektstasjonar og mange bevæpna politikontrollar. På Scripture Mission i Arusha lasta me nokre røyr som me la under traktoren på den nye haydom-lastebilen. Mange ting skulle ordnast, og natta i Arusha vart berre tre timar.

Torsdag 14. januarVar i gang klokka fem om morgonen. 30 mil på ekstremt dårlege vegar var igjen før me var framme i Haydom, og me var særs spente. Mange lastebilar og bussar hadde satt seg fast her dei siste dagane på grunn av mykje regn. Me var heldige, og fekk ikkje på regn på turen. Dessutan har me to topp utstyrte sekshjulsdrevne Scaniaer. Vegane var frykteleg humpete. Da me slo leir denne kvelden hadde me køyrd 26 mil på 21 timar. Denne natta vart også berre tre timar.

Fredag 15. januarStarta dagen med å vaska begge lastebilane. Dei måtte jo vera fine til innkomstseremonien. Vi køyrde ganske forsiktig dei siste mila, og var framme i Haydom klokka 12. Vi parkerte eit stykke unna sjukehuset for å vente på klarsignal.

Klokka eitt kom signalet. Nervar og musklar som hadde våre i høgspenn i ei veke kjendest, kan ein trygt sei. Det vart ein enorm mottakingsfest, og for eit syn. To flotte Scaniaer, ein med ny Massey på planet og den andre med to containerar med utstyr frå Noreg. Me køyrde opp den siste bratte og humpete bakken til sjukehusporten, og kompressorhorna på taket vart flittig brukt til å gje beskjed om at vi var på veg. I porten vart me møtt med syngjande afrikanarar som dansa foran lastebilane heilt fram. På sjukehuset vart me møtte av hundrevis av folk, og me køyrde opp mot ein stor scene med masse prominente gjester. Kompressorhorna vart nytta heile vegen. Blant gjestene var erkebiskopen i Tanzania, Alex Malasusa, mange biskopar og prestar frå den Lutherske kyrkja i Tanzania, sjefen på Haydom, Dr. Øystein E. Olsen og Mama Kari Olsen på 82 år. I tillegg var fylkesmannen, mange politikarar også invitert. Happy, min klareringsagent i Dar-es-Salaam, representantar frå Scania-fabrikken i Sverige og frå Scania i Dar-es-Salaam, fire fjernsynsstasjonar og mange avisjournalistar hadde også funne vegen til Haydom denne dagen. Også Scania World var til stades for å skriva ein reportasje om denne hendinga. Å få namnet Haydom Lutheran Hospital og mi nettadresse, www.ingarkvia.no i Scania World ser eg på som ei enorm marknadsføring.

" Det var mange fine talar. Erkebiskopen og hans folk velsigna den nye lastebilen. Ei høgtideleg handling. Eg snakka også på overleveringa og takka og roste givarane mine i Noreg, som gjer dette mogleg.Eg gav også mykje ros til folka mine i lastebil-gjengen, traktor-gjengen og gravemaskin-gjengen her i Tanzania. Desse folka står på noko enormt, og imponerar meg stadig. Traktoren lasta me av på fredagen, og Ivan Veen klargjorde den og instruerte sfåførane på laurdag. Klokka fire mandag morgon køyrde den ut på jobb med gravemaskinen.

Kroppen treng lang til å roe seg ned etter ein slik tur, men det er så fantastisk når me lukkast med strevet. Det er varmt i Tanzania. Temperaturen varierer mellom 26 og 32 grader. Det har regna og det er grønt og fint. Våronna er i full gang med såing av mais og kveite. Helsing Ingar Kvia.

Powered by Labrador CMS