reg-ill10.jpg

Pila peikar oppover

Det livnar i lundar på traktorstatistikken. Der mars gav hint om framgang, viser april enda meir positive takter.

Publisert

Både totalmarknaden og siste års stupespesialist John Deere har vendt nasa oppover. For første gong på lange tider ser vi gode tal på traktorregistreringane. Rett nok er vi langt unna nivået frå 2006 og der omkring, men april er akkurat likt med ein gjennomsnittsmånad i 2008, som jo var eit heilt greitt år.

Hjorten på fote att

I snart eit år har vi peika på at John Deere fell og fell. No ser det ut til at botnen er nådd. Tala for siste 12 månader viser at FK-traktoren no har 17,3 prosent marknadsandel, etter å ha vore heilt nede i 16,6 og 16,7 dei to føregåande månadane. Ser vi isolert på april, er talet der tilbake på gamle høgder, med kvar fjerde nyregistrete. Held dette fram, kan John Deere klare å klatre høgare enn tredjeplassen som merket for tida har på registreringsstatistikken for siste 12 månader.

MF stadig i tet, Valtra nr 2

Massey Ferguson held stand som Norges mest populære traktormerke for tida, 30 traktorar framom Valtra. Finnen gjer det temmeleg godt for tida, og har ein sterkt stigande marknadsandel. Valtra skal også ha det meste av æra for at Lantmãnnen Maskin er landets største traktorimportør, to traktorar framom Eik og 11 framom A-K.

CNH fram og tilbake

New Holland er det av dei fire store merka som er mest tilbake i tal traktorar frå same tid i fjor, men samstundes veks marknadsandelen siste 12 månader. CaseIH gir eit tydelegare inntrykk, både med vekst i tal nyregistrerte traktorar og med vekst i marknadsandelen.

Powered by Labrador CMS