orkel hengar stat opp.jpg
orkel hengar stat opp.jpg

Oppsving for Orkel

Orkel er suveren som Norges største traktorhengarmerke, og aukar marknadsandelen. Registreringstala for tilhengar er som for traktor på veg oppover.

Publisert

Statistikken byggjer på tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikken, over bil-, båt-, anleggs- og traktortilhengarar. Bil- og båthengarane er tatt ut av talmaterialet.Tilhengarmarknaden er som traktormarknaden på veg opp. Statistikken viser forresten at for kvar nyregistrerte tilhengar, er det nyregistrert to traktorar.Det er ingen tvil om at norske bønder likar norske traktorhengarar. Over 40 prosent av dei nyregistrerte hengarane er norskproduserte, med Orkel som det store lokomotivet. Kvar tredje traktorhengar kjem frå fabrikken på Fannrem. Jarl Gjønnes og resten av trøndergjengen kan dessutan gle seg over ein formidabel vekst i kor mange tilhengarar dei har trilla ut av portane og fått skilt på: 76 fleire enn i første halvår i fjor. Det er nok til å bestille seg stor kake før ferien.Weckman er stadig populær, og ligg stabilt på andreplassen, med ein vekst på seks tilhengarar. Under halvparten så stor som Orkel, men nøyaktig dobbelt så stor som Foss-Eik på tredje. Rogalendingane har ein viss nedgang. Det har også Metsjø og Tume, og Bala-Agri. Nedturen er mest dramatisk for sistnemnde, til berre ein nyregistrert siste halvår. Tume er halvert, mens Metsjø er redusert til to tredelar.Også alle andre vesentlege merke på marknaden går tilbake. Det betyr at Orkels framgang er tufta både på eigen vekst, og at merket tar marknadsandelar frå så godt som alle andre.Det må elles nemnast at posten Andre er svært stor på denne statistikken. Det skuldast at trafikkstasjonane har langt dårlegare presisjon på registrering av tilhengarar enn dei har på registrering av traktorar. Her ligg det inne ymse feilkjelder som vi diverre ikkje rår over. TILLEGG (9. juli): Lantmännen Maskins GMV-tilhengarar er registrerte som Orkel i statistikken. Desse kan forklare delar av framgangen til Orkel, men ikkje heile. Lantmännen leverer framleis Bala-Agri, men tala viser tydeleg at dei fleste kundane vil ha GMV i staden.

Orkel blir altså levert gjennom tre salskanalar: A-K maskiner, Lantmännen og Orkel Direkte. Av desse er A-K klart størst, og organisasjonen kan utan tvil omtalast som landets største tilhengarleverandør til landbruket.