for langt 34
for langt 34

Nye breiddereglar i arbeid

Samferdsledepartementet arbeider med dei nye breiddereglane, men det vil ta ei tid før nytt regelverk er på plass. Difor gjeld stadig det den midlertidige forståinga av dei gamle reglane.

Publisert

Departementet har stor forståing for behovet for å få til eit nytt regelverk, og har som mål at eit nytt regelverk skal gjere kvardagen for bøndene enklare, ikkje legge unødige hinder i vegen, og på same tid bidra til god trafikktryggleik.Det er enno for tidleg å seie noko om når nye reglar kan vere klare. Enn så lenge er det 34-kilometersgrensa som gjeld, og som det vart framheva då den midlertidige ordninga vart innført: Regelverket skal handterast med fornuft og fleksibilitet. Og om du skulle vere i tvil: Bedre Gardsdrift følgjer denne saka tett, for vi meiner at norske bønder fortener eit godt og leveleg regelverk, også på dette området.

"