utstilling folk.jpg

Ny maskinutstilling til helga

Dei private forhandlarane av landbruksmaskiner i Sogn og Fjordane har gått saman om ei ny utstilling. Den finn du i Loen denne helga.

Publisert

Same helg som anleggsbransjen på Vestlandet har sitt årlege treff med maskinutstilling, seminar og festlegheiter på Hotel Alexandra i Loen, samlar dei private landbruksmaskinaktørane seg til ei eiga utstilling like ved.

På sjølvstyr

– Vi har bestemt oss for å prøve noko nytt, med ei utstilling i eigen regi. Denne helga kjem det mange maskininteresserte til Loen i alle fall. Vi kan trekkje til oss bønder som også er interesserte i anleggsmaskiner, og anleggsbransjen trekkjer folk som også kan ha interesse av maskinene våre, fortel Bjarne Hole i A-K Hole traktor og maskin. Dei to bransjane har kvar sine utstillingsområde, for nykomarane frå landbruket vil ikkje trengje seg innpå den veletablerte anleggsutstillinga. Planen er å prøve konseptet i tre år, og deretter vurdere om satsinga er den rette.

Møringar på Strynemessa

Bransjen har tenkt seg om ei stund for å finne ei løysing dei sjølve er komfortable med og har passeleg styring over. Tidlegare har dei deltatt på Strynemessa litt uti oktober, men der har det blitt visse gnissingar i samarbeidet. I år blir såleis eit underleg år, med utstilling i Loen for dei private aktørane i fylket, mens maskinbransjen på Sunnmøre og ymse andre er på Strynemessa. Felleskjøpet vil samstundes ha noko av sitt utstyr oppstilt framom butikken sin borti sentrum.

Tid og stad

Traktor- og reiskapsutstillinga i Loen finn du bakom slakteriet, på området til Yri sand og Stryn betong. Utstillinga held ope fredag 24.9 frå 14 til 17, og laurdag og søndag frå 10 til 17.Desse selskapa er med:- A-K Hole traktor og maskin - Aase Landbruk - Maskinsenteret (Lantmännen) - Eiksenteret Førde - Berge Traktor (Landini og Caron)- AMT Maskin (HCP)

Powered by Labrador CMS