mlp2010-fs.jpg

Meld inn dine prisar!

Bedre Gardsrifts liste over prisar på maskinleige og leigekøyring byggjer på eit unikt kjeldemateriale. Vi vil at lista skal bli enda betre. Bruk eit lite minutt no på å hjelpe oss å nå høgare mål neste år!

Publisert

Meld deg som kjelde til neste års prisliste her!

"

Det er heilt avgjerande at Bedre Gardsdrift har mange og truverdige prisar på alle typar arbeid frå heile landet. Det finst ingen offentleg statistikk eller noko som helst anna talmateriale som viser kostnaden ved maskinarbeid pr. time, ball eller dekar. Dei som treng slike tal, brukar Bedre Gardsdrifts lister.

- Kan du dokumentere det? Vi veit at leigeprislista vår mellom anna er brukt som dokumentasjon i prisforhandlingar mellom bønder og store kundar av landbruksprodukt, uavhengig om arbeidet er utført av bonden sjølv eller som leigekøyring. Lista er også brukt til å vurdere kostnadsutviklinga i landbruket av ymse aktørar, og mange legg tal herifrå til grunn når dei vurderer om det er rett å kjøpe reiskap sjølv, eller om jobben heller skal leigast inn. Ingen andre enn Bedre Gardsdrift har eit tungt nok grunnlagsmateriale og nok erfaring til å sikkert kunne seie korleis prisen utviklar seg. Det som finst av offisielle tal er ikkje brote ned på enkeltmaskinnivå. Det meste av andre lister er knytt til eit geografisk avgrensa område. I vår liste er kvar einaste innkomen pris vurdert og vektlagt manuelt i arbeidet med den endelege prislista. Ingen pris blir publisert utan at vi ser på kva tal som ligg bak.

Store og små produksjonar er like viktigeOm du sjølv har ei meining om kva nivå du meiner prisen skal ligge på, men ikkje melder frå til oss, finst ikkje den prisen du meiner er rett i datagrunnlaget vårt. Difor er vi interessert i prisvurderingar frå nettopp deg. Særleg viktig er dette om du driv meir spesialisert arbeid, til dømes potetproduksjon eller fruktdyrking.

Kjapt skjema

Vil du sikre deg at prisane dine er med, meld deg på alt no. Vi tar kontakt straks vi startar sankinga av prisar til neste års liste. Det er enkelt å melde inn prisane dine, og det er enkelt å melde deg som framtidig kjelde. Adresser melde inn her vil ikkje bli brukte til noko anna formål enn å ta kontakt neste år. Klikk her, og gi oss namn og epost i eit enkelt lite skjema. Då høyrer du frå oss om knapt eit år. Vi handterer alle kjelder konfidensielt. Kan hende steller vi ekstra pent med alle som svarer, også...

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS