reg-ill09-12.jpg

Massey Ferguson er størst

Vinnaren på den norske traktormarknaden i 2009 er Massey Ferguson. John Deere er på andreplass, før New Holland og Valtra.

Publisert

Totalmarknaden enda på 2628 traktorar. Med det er 2009, i tal traktorar, det tredje dårlegaste traktoråret i nyare tid. Berre 1992 og 1993 er verre, med 2238 og 2400.Ei trøyst er at verdien og effekten av kvar enkelt traktor i 2009 er vesentleg over kva som var tilfellet først på 90-talet. Den gongen var vi så vidt over 80 hk. No er vi nærare 120 hk. Altså er talet nye traktorhestar slett ikkje så verst. Med det er heller ikkje omsetnaden i traktorbransjen så kritisk som talet traktorar tyder på.

Ny traktor i julegåve?

I desember er det registrert 393 traktorar. Det er nesten som eit normalår: 43 betre enn 2008, men 44 dårlegare enn 2007. Desember er som vanleg den beste månaden gjennom året, men 2009-desemberen skil seg ut ved å vere vesentleg mykje betre enn resten av året. 15 prosent av dei nye traktorane i 2009 vart registrerte i desember. To merke står for halvparten av desember-registreringane: MF og Valtra. Meir enn kvar femte nyregistrerte av desse to merka i 2009 fekk skilt på seg i desember.

MF tilbake på topp

Etter eit uvanleg svakt andre halvår for John Deere, og ein klassisk sterk desemberspurt frå Massey Ferguson, er den raude største merke for første gong sidan 1996. Trass i ein tilbakegang på 136 traktorar, evnar Massey Ferguson å betre marknadsandelen med 2,0 prosentpoeng til 19,4. Vi må tilbake til 2000 og åra før det for å finne MF på dette nivået. Nær kvar femte nyregistrerte traktor i Noreg i 2009 er ein raud franskmann.

Deere er halvert

John Deere er særs hardt råka av nedturen i traktormarknaden, og fell langt meir enn totalmarknaden. 474 nyregistrerte traktorar er omlag halvparten av fjorårets 930, og langt, langt under nivået John Deere har ligge på kvart einaste år etter at Valtra forlot Felleskjøpet.John Deere er forbigått av MF, og ligg no midt i gruppa med dei fire store. Meir om John Deeres oppsiktsvekkande nedtur her.

New Holland og CaseIH på veg opp

" Det er nye tider i A-K, der begge traktormerka aukar marknadsandelen. New Holland er det traktormerket i Noreg med klart størst auke i marknadsandel, og det merket av dei fire store med klart minst reduksjon i tal nyregistrerte traktorar.CaseIH har tredje størst auke i marknadsandel, og sikrar seg femteplassen der CaseIH har tradisjon for å ligge. Begge merka ligg lågare enn då dei var kvar for seg, men pila peikar oppover. A-K har berre ein gong siste 15 år hatt større samla marknadsandel. Det var i 2000, då New Holland hadde sitt beste år nokon gong, som største merke for fjerde år på rad.

Valtra i støtet

Dersom Valtra held fram utviklinga frå august til desember, vil registreringstala gå beint opp i himmelen. Vi må langt tilbake for å finne ein betre månad enn desember 2009. Skåret i gleda er at året under eitt er litt tamt. Takka vere bykset i desember, som nok i stor grad skuldast leveringsklare nye transmisjonar, kjem Valtra ut av 2009 med svakt auka marknadsandel. Første tre kvartala i år var ikkje mykje å skrive heim om.

Tett i toppen

Etter at John Deere kom ned på same nivå som dei andre, er det svært tett i toppen. 90 traktorar skil fjerdeplassen frå førsteplassen, og ei stund i desember såg det ut til at det skulle bli hard kamp mellom New Holland og Valtra om tredjeplassen. Dette betyr at 2010 vil bli eit uvanleg interessant år for deg som følgjer med på dei firelokomotiva på traktormarknaden.

Vidare nedover

Frå sjetteplassen og ned er det berre små endringar i marknadsandelen. Alle, med unntak av JCB og nokre småtraktorar, har fått registrert færre traktorar enn førre år. JCB utmerkar seg som det merket med størst auke i talet nyregistrerte: Pluss åtte er best av alle i år, og med 13 som utgangspunkt er veksten formidabel. Claas, Fendt og Zetor taper mindre enn gjennomsnittet i marknaden, og aukar med det sin andel. Deutz-Fahr, McCormick og Landini har temmeleg stort fråfall. Vi er ikkje langt unna ei halvering av talet nyregisterte her. Enda verre er det for Lamborghini, som stuper verst av alle på lista, frå 37 til 14. Ser vi dei teknisk identiske traktorane frå Same Deutz-Fahr group under eitt, er nedgangen i klasse med John Deere. For HCP samsvarer det dårleg med at dei har sett på større ressursar enn på lange tider hos importøren, for å få opp salet.

Ingen salsstatistikk

Som mange av lesarane våre veit, er ikkje dette nokon salsstatistikk. Det kan gå mange månader frå kjøpekontrakten er signert til traktoren står på tunet med ferske skilt. Difor seier ikkje tala noko om kva som til dømes er seld i kjølvatnet av Agroteknikk.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS